NRK Meny
Normal

Skattekrangel i Representanthuset

Demokratane og Republikanarane i Representanthuset i Den amerikanske kongressen er igjen på full kollisjonskurs når det gjeld skattekutt.

Medlemmer av Representantenes hus.
Foto: MANDEL NGAN / AFP

Det republikanske fleirtalet røysta ned forslaget om å forlengje skattekutt for lønnsmottakarar med to månader, slik Senatet røysta for sist veke.

Republikanarane vil at det straks blir sett i gang forhandlingar om ei mogleg forlenging på eitt år.

Demokratane vil ha ei forlenging på to månader før dei godtek forhandlingar om ei forlenging på eitt år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt