NRK Meny
Normal

Skal styre millionbyen Karachi frå fengselet

Waseem Akhtar, som har vore i fengsel i over ein månad, ser ut til å bli den nye borgarmeisteren i den pakistanske storbyen Karachi.

Waseem Akhtar arrestert.

Waseem Akhtar vinkar til tilhengjarane sine frå eitt av dei pansra køyretøya til hæren etter arrestasjonen 19. juli i år.

Foto: AKHTAR SOOMRO / Reuters

Arrestasjonen av Akhtar kom etter at den pakistanske hæren dei siste månadene har intensivert kampen mot Muttahida Qaumi Movement (MQM), eit politisk parti som har vore dominerande i Karachi deis siste tiåra.

Leiaren for partiet, Altaf Hussain, lever i sjølvpålagt eksil i London. Han er kjend for å halde flammande talar til tilhengjarane sine i Karachi via telefon, som igjen blir kopla til høgtalarar ute i gatene. Hæren har no lagt ned forbod mot denne praksisen.

Blir neppe sett fri

Farooq Sattar.

Leiaren for MQM i Karachi, Farooq Sattar, er arrestert saman med fem andre partitoppar.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Det var i desember i fjor at MQM nominerte Waseen Akhtar, som tidlegare har hatt plass i den pakistanske nasjonalforsamlinga, som sin kandidat til den mektige posisjonen som borgarmeister.

Det er ikkje noko som tyder på at Akhtar vil sleppe ut av fengselet på ei stund. Han er skulda for fleire brotsverk, blant anna for å ha organisert Alvorlege opptøyar i Karachi mai 2007, og for å ha skaffa medisinsk hjelp til terroristar.

MQM har i dag eit overveldande fleirtal i bystyret, og det er liten tvil om at Akhtar blir valt til borgarmeister i avrøystinga i morgon onsdag. Samstundes gjer hæren det dei kan for å svekkje partiet, utan at det ser ut til å lukkast.

Partiet ber no hæren om at Akhtar får innreidd eit borgarmeisterkontor i fengselet, slik at han kan utøve embetet sitt.

Pakistansk Facebook-kjendis kvalt av sin egen bror

Trosser bombefaren: 100.000 helsearbeidere prøver å bekjempe polio

I strid med hæren

Farooq Sattar, den mest prominente parlamentarikaren i MQM, vart arrestert i går då han kom til presseklubben i Karachi i går for å halde ein pressekonferanse. Hæren meiner at MQM brukar utpressing, bortføringar, tortur og drap for å halde på makta si.

MQM avviser desse skuldingane.

Den pakistanske hæren har gjennom ei paramilitær gruppe som blir kalla The Rangers, dei siste åra brukt store ressursar på å fokusere på MQM. Ved sida av å vere eit politisk parti, har MQM også ei væpna grein.

Samanstøytar i Karachi.

Aksjonen mot MQM-hovudkvarteret førte til samanstøytar mellom demonstrantar og soldatar i Karachi.

Foto: Fareed Khan / Ap
Karachi i Pakistan.

Soldatar har teke oppstilling rundt MQM-hovudkvarteret i Karachi.

Foto: Fareed Khan / Ap

Forholdet mellom hæren og MQM har vore svært dårleg sidan Rangers raida partihovudkvarteret deira i eit svært godt vakta nabolag kalla Nine Zero. Ifølgje den britiske avisa The Guardian har hæren meir og meir skifta fokus frå kampen mot Taliban, til å kjempe mot MQM.

Nye arrestasjonar

Nyheitsbyrået Reuters melder frå Karachi i dag at hovudkvarteret til MQM er stengt av Rangers, og at fem av toppleiarane i partiet er arresterte

MQM har sterk oppslutning blant den urdu-språklege folkegruppa Mohajir. Dette er ei relativ velståande folkegruppe, som emigrerte frå India til Pakistan i 1947. Dei har stor makt i Karachi, som er rekna som den kommersielle hovudstaden i Pakistan.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt