NRK Meny
Normal

Skal regjere frå 8. mai

Partane i Nord-Irland er enige om å dele makta frå 8. mai. Dermed blir det sjølvstyreregjering med Sinn Fein og Unionistpartiet.

Sinn Feins leder, Gerry Addams.
Foto: DAVID MOIR / REUTERS

Gerry Adams frå Sinn Fein (SF) og Ian Paisley frå Unionistpartiet (DUP) har møtt kvarandre for første gong.

Ian Paisley
Foto: AP

I møtet blei dei to politiske motstandarane enige om å dele makta frå 8 mai i år. Semja betyr at nordirane igjen skal styre provinsen. Nord-Irland har vore styrt frå London sidan 2002.

Etter planen skal DUP ha førsteministeren medan Sinn Fein skal ha andreministeren.

Fristen for å bli enige om ein avtale gjekk ut til natta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt