Skal ha funne gassgranatar hos opprørarar i Syria

Syriske regjeringssoldatar har ifølgje den regjeringskontrollerte kringkastinga funne kjemiske våpen hos opprørarar i Damaskus.

Påstått angrep med kjemiske våpen Ghouta, Damaskus

Mange døydde i det som skal ha vore eit kjemisk angrep i Syria. No påstår regjeringsstyrkar at dei har funne bevis for at opprørarar står bak det alvorlege angrepet som etterlét fleire hundre døde.

Foto: STRINGER / Reuters

Ifølgje den syriske kringkastinga har regjeringssoldatar funne gassgranatar hos opprørarar.

Truar med å storme opprørar-basen

Soldatane har gått inn i tunnelar i Damaskus som er kontrollert av opprørarar.

Angela Kane ankommer Damaskus

FN-representant for nedrusing Angela Kane har landa i Damaskus laurdag.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Den regimekontrollerte TV-stasjonen melder at det blei funne kjemiske våpen i tunnelane, og at nokre soldatar skal ha blitt kvelt, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje TV-stasjonen gjer regjeringshæren seg klar til å storme forstaden til Damaskus der dei syriske opprørarane har base.

FN-representant i Damaskus for å presse regimet

Aktivister ved lik etter påståtte angrep med kjemiske våpen ved Damaskus, Syria

Tala på drepne i det brutale angrepet som ingen veit kven som står bak, varierer frå 500 til over 1000.

Foto: STRINGER / Reuters

Dette skjer samtidig som at FN sin representant for nedrusting Angela Kane besøker Damaskus.

Dette skjer i eit forsøk på å presse fram rask tilgang til staden der det store gassangrepet skal ha skjedd.

Så langt har ikkje Assad-regjeringa sagt om dei vil gi tilgang til området, trass i aukande press frå FN, vestlege stormakter, dei arabiske gulfstatane og Russland.

Skuldar kvarandre for kjemisk angrep

Fleire amatørvideoar frå Syria er sendt ut som bevis for det som skuldast for å vere eit angrep med kjemiske våpen på den opprørskontrollerte bydelen Ghouta i utkanten av Damaskus.

Opprørarane i Syria skuldar regjeringsstyrkane for å ha gått til angrep med nervegass i Jobar og andre forstader like før daggry onsdag.

Tala på drepne varierer mellom 500 til over 1000.

Fleire ekspertar meiner videoane viser det er brukt kjemiske våpen på grunn av symptoma til menneska som er råka.

Det er ikkje stadfesta kven som står bak angrepet, men opprørarane skuldar på regjeringsstyrkane.

No kjem skuldingane tilbake i form av at regjeringsstyrkar skal ha funne gassgranatar i ein opprørsbastion.

FN sine våpenekspertar er allereie i Damaskus for å prøve å etterforske ein tidlegare episode der det blei meldt om bruk av gass.

Presidenten i Iran seier kjemiske våpen er brukt

Irans president Hassan Rouhani seier for første gong at kjemiske våpen har drepe menneske i krigen i Syria.

Han kommenterer ikkje det nylege angrepet utanfor Damaskus, men Iran har tidlegare hevda at opprørarane har brukt gass.

– Mange uskuldige menneske i Syria har blitt skadde eller martyrar etter bruk av kjemiske våpen, og dette er uheldig, seier Rouhani ifølgje nyheitsbyrået Isna.

– VI fordømmer sterkt og fullstendig bruk av kjemiske våpen, seier han.

Iran er den viktigaste utanlandske støttespelaren og allierte til president Bashar al-Assad i Syria. Irans utanriksminister sa tidlegare denne veka at opprørarar må ha stått bak det mykje omtalte angrepet, og lau rdag hevder utanriksdepartementet at dei har bevis for dette.

– Det er bevis på at terroristgrupper har gjort dette, seier talsmann i utenriksdepartementet, Abbas Araqchi.

Også Russland har retta peikefingeren mot opprørsgrupper.

Har smugla døde til Jordan

Tidlegare laurdag kom det meldingar om at opprørarane har smugla kroppane til tre av dei som skal ha mista livet i det påståtte gassangrepet til nabolandet Jordan, skriv avisa The Guardian.

Meininga er at prøver av blod og urin skal hjelpe til med å bestemme kva slags type gass som førte til at dei døde.

Obama møter rådgjevarane sine

President i USA, Barack Obama, møter sitt nasjonale sikkerheitsteam for å drøfte dei nyaste opplysningane frå Syria. Samtidig blir det meldt at den amerikanske marinen styrkar nærværet sitt i det austlege Middelhavet.

Ein destroyer med kryssrakettar som har avslutta eit oppdrag, forblir likevel i området.

SISTE NYTT

Siste nytt