Hopp til innhold

Skal fordele 120 000 asylsøkjarar i EU - utset diskusjonen om korleis

EU-landa er «i prinsippet» einige om å fordele 120 000 asylsøkjarar mellom landa, men utset diskusjonen om korleis. Ei endeleg løysing skal vere på plass 8. oktober.

Grensepoliti i Gevgelija, Makedonia

120 000 asylsøkjarar skal fordelast mellom EU-landa, men korleis er ikkje klart før 8. oktober.

Foto: Borce Popovski / Ap

Det opplyser formannskapslandet Luxembourg på ein pressekonferanse etter møtet mellom justisministrane og innanriksministrane i EU i Brussel i dag.

– Vi reknar med å ha ei løysing på plass på neste ministermøte 8. oktober, melde landets representantar på Twitter.

Ministrane frå 32 europeiske land samla seg i dag for å diskutere ein felles europeisk respons på flyktningkrisa som veks i omfang frå dag til dag.

Fleirtalet av landa var einige om dugnaden, men spesielt landa Ungarn, Slovakia og Tsjekkia motsette seg initiativet.

Noreg avventar

Også justisminister Anders Anundsen (Frp) og statssekretær Jøran Kallmyr er på plass i Brussel. Dei hadde rett til å delta på møtet og kome med innspel, men ikkje rett til å votere på lovendringar.

– Dei er ikkje blitt einige om ein felles koklusjon, slår Anundsen fast etter ein lang og hard debatt om fordeling av asylsøkjarar på dugnad.

Han fortel at Noreg ventar med å ta stilling til å delta i dugnaden.

– Vi er positive til å finne ei felles europeisk løysing, men vi har ikkje tatt konkret stilling til relokalisering no. Vi må sjå på heilskapen, seier Anundsen.

Når EU-landa greier å bli einige om ei obligatorisk kvoteordning, vil fordelinga skje ut ifrå faktorar som bruttonasjonalprodukt, folkesetnad og kor mange flyktningar landa allereie har teke imot.

Men land som Ungarn, Slovakia, Tsjekkia og Polen har i forkant av dagens møte gitt tydeleg beskjed om at dei ikkje vil gå med på ei slik kvoteordning.

Ungarn strammar inn asylreglar ved midnatt

Frå midnatt trer ein ny og skjerpa asylpraksis i verk i Ungarn. Det seier statsminister Viktor Orbán i eit ikkje sendt TV-intervju med ungarsk TV2

– Det vil verte vanskelegare å få innvilga asyl i Ungarn, seier Orbán til TV-kanalen.

– Schengen under press

Då EU samla til ministermøte om krisa, hadde både Tyskland og Austerrike innført stenging av grensene, for å handtere tilstrøyminga av flyktningar og migrantar.

– Om det blir naudsynt, vil vi og vurdere stenging av våre grenser, seier justisminister Anders Anundsen til norsk presse i Brussel.

Han meiner at både Schengen- og Dublin-avtalen er pressa, men avviser at det grensefrie Europa er dødt.

– Det meiner eg er å gå for langt, seier Anundsen.

SISTE NYTT

Siste nytt