Hopp til innhold

Skal diskutere nye Iran-sanksjonar

Dei faste medlemslanda i Tryggingsrådet i FN skal diskutere nye sanksjonar mot Iran komande laurdag, opplyser det amerikanske utanriksdepartementet.

Det iranske atomanlegget i Natanz

Det iranske atomanlegget i Natanz.

Foto: DIGITALGLOBE / AFP

William Burns er viseutanriksminister i USA.

USAs viseutanriksminister William Burns reiser til Europa for å diskutere Iran.

Foto: Vyacheslav Oseledko / Scanpix/AFP

USAs viseutanriksminister William Burns reiser til Moskva og Madrid denne veka, og ein talsmann for utanriksdepartementet seier at det kan bli førebuande møte med dei andre fem landa, Frankrike, Storbritannia, Russland, Kina og Tyskland på denne turen.

LES OGSÅ: Obama strammer terrorgrepet

LES OGSÅ: Er dette Vestens nye fiender?

LES OGSÅ: Gikk av etter Israel-hilsen

Nye sanksjonar

Talsmann P.J. Crowley kan ikkje seie noko om kvar dette møtet skal finne stad.

Amerikanske styresmakter gjorde det sist veke klart at diskusjonar omkring nye sanksjonar mot Iran alt var i gang. Målet er å innføre sanksjonar som rammar det iranske presteregimet, men som ikkje går ut over vanlege folk, vart det opplyst.

William Burns skal vere i Moskva onsdag og torsdag, før han reiser til Madrid fredag. I Madrid skal han møte fleire europeiske politikarar, og Iran er eitt av temaene på dagsordenen.

Fnyser av truslar

Irans president Mahmoud Ahmadinejad

Irans president Mahmoud Ahmadinejad let seg ikkje skremme av truslar om nye sanksjonar.

Foto: Olivier Morin / Scanpix/AFP

Irans president Mahmoud Ahmadinejad fnyste av truslane om sanksjonar i ein tale sist veke.

Det er stor frykt for at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen, og korkje USA eller Israel har utelukka at det kan bli aktuelt med eit militært anrgep på Iran for å stanse atomprogrammet.

Iran seier på si side at atomprogrammet er sivilit, og at landet ikkje har noko ynskje om å skaffe seg atomvåpen.

LES OGSÅ: Iran med atom-ultimatum til vesten

LES OGSÅ: Ahmadinejad avviser atomtest

LES OGSÅ: – Våpenfly skulle til Iran

LES OGSÅ: Iran gjennomfører rakettest