Hopp til innhold

Skal avsløre krigspropaganda

Når det brygger opp til krig florerer også videoar av eksplosjonar, avrettingar, drepne og skadde på nettet. Men mange av bileta er rein propaganda, og no vil Amnesty hjelpe folk til å luke ut dei bidraga som ikkje vert brukt riktig.

Døme på falske videoar og bilete

Øvst til venstre er eit bilete som er delt på Twitter tusenvis av gonger dei siste dagane, men biletet finnes også på ulike nettsider som er fleire år gamle. Øvst til høgre er skjermdump av ein video på nettsida alwidhainfo.com, der det vert hevda at filmen er frå Den sentralafrikanske republikk. Amnesty veit derimot at videoen er frå Nigeria. Nedst til venstre er ein skjermdump frå LifeNews, ein russisk TV-kanal med tette band til president Vladimir Putin. Kanalen hevda det ukrainske FN-flyet vart nytta i kampane i Ukraina, men det var eigentleg eit to år gamalt bilete frå Kongo. Nedst til venstre er det tilsynelatande den syriske opposisjonen som viser fram sine store våpen. Det var ikkje like kult då det vart avslørt at våpena var leiker.

Foto: Skjermdump

Ein eksplosjon, nokre skot, eit rop til Gud, eit ungt menneske vert avretta, blod. Filmar og bilete som vert lagde ut på nettet syner dei forferdelege tilhøva som finst i konfliktfylte område slik som Syria, Ukraina og den siste veka også i Gaza.

BBC avslørte mellom anna denne veka at fleire av bileta som vert delte med emneknaggen #GazaUnderAttack faktisk ikkje kjem frå Gaza, men stammer frå Syria og Irak, eller at det er gamle bilete frå Gaza. Men BBC har også blitt avslørt sjølve då dei nytta eit ni år gamalt bilete frå Irak for å illustrere situasjonen i Syria.

Christoph Koettl

Christoph Koettl, Amnesty USA

Foto: Amnesty USA

– Ser ofte at videoar er i feil kontekst

Christoph Koettl jobbar for Amnesty USA, og han er dagleg vitne til sjokkerande og groteske videoar i sitt arbeid med å avdekke menneskerettsbrot rundt om i verda. Men han støyter stadig på eit problem: Kan han tru på det han ser?

– Me ser ofte videoar som vert delte i feil kontekst. Dei kan vere gamle eller kome frå andre land enn det som vert sagt. Me må difor vere ekstra forsiktige, seier Koettl.

Sjokkerande avrettingar

Koettl visar mellom anna til eit ferskt døme, som han fekk tilsendt for få veker sidan.

Den aktuelle videoen, som er for grotesk til at NRK kan vise eller lenkje til den, viser ei rekkje unge menn som sit med hendene bundne. Dei vert ført fram, ein etter ein, lagt ned på kanten av eit hull, og drepne med kniv.

Holet i bakken vert etter kvart fylt opp av unge menn, og nokre guteborn.

Teksten på nettsida er på fransk og hevdar at videoen viser den kristne opprørsgruppa Anti Balaka som avrettar muslimar, men Koettl veit betre. Han har allereie sikre kjelder på at videoen stammar frå Nigeria, langt unna Den sentralafrikanske republikk.

Koettl meiner motiva til dei som deler uekte materiale kan variere. Nokre har eigeinteresse i å spreie falsk informasjon og propaganda, medan andre berre ønskjer merksemd og fleire følgjarar til sine brukarar på sosiale nettstader.

Det er særleg dei siste åra det har blitt vanlegare å få tilgang på unike videoar frå område der ingen journalistar er til stades, men for journalistar og menneskerettsforkjemparar er det naudsynt å vite at det dei er vitne til faktisk stemmer.

– Dei siste åra har det å samle informasjon via nettet endra seg veldig, og me får plutseleg tilsendt mange videoar. Det vart naudsynt å finne ei måte å kunne verifisere videoane på, seier Koettl, som også har ønskja å dele triksa sine med andre.

Nettside for å avsløre falske videoar

Difor har Amnesty USA no lansert nettsida Citizen Evidence Lab som skal hjelpe journalistar og andre til å avsløre videoar som anten er publisert tidlegare, eller som kjem frå andre stader enn det som vert hevda.

På nettsida kan du fylle ut ulik informasjon om den aktuelle videoen som du gjerne vil sjekke om er ekte. Etter ein skritt-for-skritt-guide vil du kunne få eit svar på om det du nettopp har sett faktisk stemmer overeins med det du har blitt fortalt.

Koettl trur endringane i medieverda, med stadig meir informasjon tilgjengeleg på nettet kan vere ein fordel om ein berre bruker det riktig.

– Informasjonen er ein moglegheit ein har. Folk på bakken fyller ut eit gap, slik at ein får informasjon som elles er utilgjengeleg. Det er derimot eit problem om journalistar eller menneskerettsarbeidarar bruker denne informasjonen ukritisk, seier Koettl.

SISTE NYTT

Siste nytt