Hopp til innhold

Sjukehus i Gaza: Minst 29 palestinarar drepne i nytt angrep på skule

Fire israelske angrep på Gaza-skular har blitt stadfesta, på berre fire dagar. Det siste slo ned i ein flyktningleir.

På eit sjukehus i Khan Younis sit ein gut ved sidan av to likposar.

Han græt og ropar på mamma. Men ingen svarar.

Situasjonen på Nasser-sjukehuset i den sørlege byen er kaotisk, etter at eit luftangrep råka landsbyen Abasan aust for Khan Younis.

53 skadde var innlagde her tysdag kveld, ifølge sjukehuset. Sidan då har pårørande flokka til bygget. Videoen av guten er filma av Reuters.

Gut på Nasser-sjukehuset

Eit barn skada i angrepet blir boren inn på sjukehuset. Det er mange barn og kvinner blant dei skadde, ifølge styresmaktene.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

Dei Hamas-leidde helsestyresmaktene i Gaza seier angrepet trefte like ved porten til al-Awda-skulen.

Det israelske militæret (IDF) hevdar å ha brukt «presis ammunisjon» i dette området for å angripe «ein terrorist frå Hamas si militære fløy» som tok del i angrepet 7. oktober.

– IDF ser på rapportar om at sivile har blitt skadde i nærleiken av al-Awda-skulen, skriv talspersonen på Telegram.

Ei kvinne står ved inngangen til akuttmottaket på Nasser-sjukehuset i Khan Younis.

Slik såg det ut ved inngangen til akuttmottaket tysdag kveld. Mange får framleis behandling etter angrepet tysdag.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

Redd Barna: Skjedde medan barn leika ute

– Vi veit at eitt av angrepa som skjedde i går, var medan barn spelte fotball og leika. Då kom det plutseleg rakettar.

Det seier generalsekretæren i Redd Barna, Henriette Westhrin, til NRK.

Ho kallar angrepa dei siste fire dagane for «grove brot på barn sine rettar» i Gaza.

– Vi i Redd Barna er opptekne av at dei som står bak blir stilte til ansvar og at Israel si regjering umiddelbart stansar desse ulovlege angrepa, seier ho.

Henriette Westhrin, generalsekretær i Redd Barna

– Redd Barna meiner at Israel må stillast til ansvar for desse angrepa, seier Westhrin.

Foto: Eivind Nitter / Redd Barna

– Diverre er dette berre ei vidareføring av det vi har sett sidan krigen starta i oktober. Omtrent 90 prosent av Gaza sine skulebygg er no anten direkte angripne eller øydelagde av angrep på andre bygg.

Etter folkeretten skal skular vere trygge stader å opphalde seg, seier Westhrin. Dette uavhengig av skuldingane om at Hamas nyttar dei til militære formål.

Palestinske barn sit ved gjerdet medan dei skadde og drepne kjem til Nasser-sjukehuset frå den angripne skulen.

Palestinarar ved gjerdet utanfor Nasser-sjukehuset, då dei drepne og skadde blei frakta til akuttmottaket. Barn og skular skal vernast om uansett, seier Redd Barna.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

– Vi har ikkje sett noko bevis på det, på nokon måte. Samtidig skal ikkje vi seie at det ikkje skjer, seier ho.

– Vi er opptekne av at alle partar i ei konflikt respekterer at skular ikkje skal vere ein del av krigshandlingar. Men dersom det skulle vere slik at ein part har gjort noko, så gir ikkje det den andre parten rett til å angripe skular.

Vitne til BBC: Fleire tusen til stades

Angrepet skjedde ei veke etter at IDF kravde at sivile evakuerte dette og andre område aust for Khan Younis. Fleire titusen har forlate området sidan, skriv BBC.

Ayman al-Dahma (21) seier likevel til nyheitsnettstaden at det var 3000 menneske i området då angrepet skjedde, og at området hadde ein marknad og fleire bustadbygg.

– Dei sa at det var ein trygg plass. At der var vatn og mat, at der var skular og alt. Plutseleg kjem eit missil ned på deg og alle menneska rundt deg.

Aftermath of Israeli strikes in Khan Younis in the southern Gaza Strip

IDF seier dei etterforska hendinga ved al-Awda-skulen i Abasan.

Foto: Hatem Khaled / Reuters

Ein mann Reuters møter ved Nasser-sjukehuset pressar eit tørkle mot hovudet og har blod i ansiktet. Han hevdar å ha vore på veg mot porten då missilet slo ned.

– Det var ein enorm eksplosjon. Folk flaug i alle retningar. Det var ingen ambulansar der, dei tok om lag ein time og 40 minutt på å kome fram.

– Desse var sivile som ikkje var kopla til Hamas, Fatah eller noko anna fløy.

Også Um Suleiman var til stades i Khan Younis. Ho fortel nyheitsbyrået at sonen hennar blei drepen i angrepet, like ved skuleporten.

– Dei gjorde ikkje slutt på motstandsrørsla, og kjem heller ikkje til å klare det. Dei nedkjempa berre stein, tre, kvinner og barn. Berre sivile.

Fire angrep på fire dagar

Israel har trappa opp angrepa sine både frå bakken og frå lufta sidan evakueringsordren kom sist veke.

Hamas seier i eit utsegn at minst 20 menneske har blitt drepne i skuleangrepa dei siste dagane.

Israel erkjenner også å ha utført tre andre angrep sidan laurdag, på skular som blei brukte som flyktningleirar. IDF hevdar at også desse var gøymeplassar for militante.

Barn ser på krateret etter nedslaget 9. juli

Barn inspiserer krateret etter eit missil på UNRWA-skulen i Nuseirat. Helsestyresmaktene i Gaza seier at 16 personar blei drepne.

Foto: EYAD BABA / AFP

Det første av dei fire angrepa var på laurdag, mot al-Joni-skulen i Nuseirat midt på Gazastripa. 16 personar blei drepne, ifølge helsestyresmaktene.

UNRWA: 520 drepne i deira bygg

FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), som styrer skulen, seier at 2000 personar hadde vore til stades.

Israel hevdar at Hamas dreiv med våpenproduksjon på skuleområdet.

– Endå ein dag. Endå ein månad. Endå ein angripen skule, skreiv UNRWA-sjef Philippe Lazzarini på organisasjonen sine nettsider dagen etterpå.

UNRWA-skule al-Awda

Nuseirat-leiren har blitt angripen fleire gonger i løpet av krigen. I juni blei minst 274 palestinarar drepne i eit israelsk angrep. Nærare 700 blei skadde.

Foto: EYAD BABA / AFP

Han fortel at fleire enn halvparten av UNRWA sine bygg har blitt råka av angrep sidan krigen starta.

– Nokre fleire gongar og nokre direkte. Som følge av dette har 520 menneske blitt drepne og nesten 1.600 skadde.

Israel har fleire gongar hevda at UNRWA sine bygg blir brukte til militære formål, men har ikkje kome med noko bevis på dette. UNRWA seier dette ikkje stemmer.

EU fordømmer angrepet

Utanrikssjefen i EU, Josep Borell, fordømmer også angrepet.

– Ein skule der familiar søkte tilflukt i Khan Younis har blitt bomba av IDF. Fleire titals personar er meldt drepne, skriv han i eit innlegg på X, og krev ei umiddelbar våpenkvile.

– Kor lenge skal uskuldige sivile ta støyten i denne konflikten? Vi fordømmer alle brot på folkeretten. Dei som står bak må haldast til ansvar.

Palestinarar sørger over sine kjære i Deir-al-Balah

Palestinarar sørger over kjære dei har mista i Deir-al-Balah onsdag morgon. Bebuarane i Gaza by får no beskjed om å reise hit.

Foto: EYAD BABA / AFP

Den israelske hæren har onsdag sleppt flygeblad over Gaza by som gir innbyggarane beskjed om å reise ut av området, melder AFP.

Det heiter vidare at byen «vil fortsette å vere ei farleg kampsone».

Dette melder også den israelske avisa Haaretz, som skriv at folk blir bedne på arabisk om å reise sør til Der al-Balah.

Men også her blir det halde gravferder onsdag, for palestinarar drepne i luftangrep.

SISTE NYTT

Siste nytt