Hopp til innhold

Sju meter høge bølger trugar ferieøyer i Thailand

Tusenvis av turistar har reist frå nokre av dei mest populære ferieøyene i Thailand på grunn av ein tropisk storm som er venta å treffe sør i landet. Det er venta mykje regn, kraftig vind og opp mot sju meter høge bølger.

Den tropiske stormen Pabuk nærmer seg det sørlige Thailand og melder sin ankomst med vind, regn og stigende vannstand. Direktebildene er fra Ko Samui.

Sjå direktebilete frå Ko Samui: Den tropiske stormen Pabuk nærmar seg det sørlege Thailand og kan ta med seg mykje med vind og regn innover land, og føre til stigande vasstand.

Thailand er eit populært reisemål i samband med jul og nyttår. Det siste døgnet har mange turistar reist med ferjer frå ferieøyer som Koh Phangan og Koh Tao til fastlandet. Grunnen er den tropiske stormen Pabuk, som er venta å treffe dei to øyene og naboøya Koh Samui fredag ettermiddag.

Dette er den første tropiske stormen utanfor monsunsesongen på 30 år. Men det er ikkje venta at stormen skal utvikle seg til ein tyfon, ifølgje meteorologar.

– Vi kan få bølger opp mot fem til sju meter nær senteret til stormen. Bølgene er normalt opp mot to meter i dette området, seier Phuwieng Prakammaintara, som leiar det meteorologiske instituttet i Thailand, til nyheitsbyrået AFP.

Pabuk kan bli den verste stormen som har råka Thailand sidan 1989 då meir enn 400 menneske mista livet i tyfonen Gay, melder nyheitsbyrået AP. I 1962 tok ein tropisk storm livet av over 900 menneske i Thailand.

Sandsekker på stranda i Thailand

SJÅ VIDEO: På strendene i Thailand ligg det sandsekkar som skal verne husa mot dei høge bølgene som er venta å kome i samband med den tropiske stormen Pabuk fredag.

Ingen planar om evakuering

Det er ikkje sendt ut noko offisielt varsel om evakuering av øyene. Men mange turistar har likevel sjølve valt å reise å ta ferjene inn til fastlandet fordi dei kjenner seg tryggare der når stormen treff land.

– Det er vanskeleg å spå kor alvorleg stormen blir, så folk bør følgje dei råda styresmaktene gir, seier Prakammaintara.

Sikrer båt før storm i Thailand

Fiskarane trekker båtane lenger inn på land for å sikre dei mot uvêret som er venta å kome inn over dei sørlege delane av Thailand fredag.

Foto: Sumeth Panpetch / AP

Statsminister Prayuth Chan-ocha seier thailandske styresmakter bur seg på store nedbørsmengder:

– Det kan bli flaum og vanskeleg å kome seg fram. Vi er klare, men dersom det kjem ekstra mykje regn, kan vi trenge litt tid på å løyse problema.

Bangkok Airways har avlyst alle flyrutene til og frå Samui fredag på grunn av uvêret. Styresmaktene har innstilt ferjetrafikken, og gjort klar tilfluktsstader for turistar som blir igjen på øyene under stormen.

Anne Britt Sodefjed frå Kristiansand er på ferie på Koh Samui. Ho seier der er det stille før stormen no.

– Her går det meste som normalt no. Vinden har begynt å ta seg litt meir opp, men vi bada i ettermiddag. Vi har fått god informasjon på hotellet vi bur på, og er ikkje uroa, seier ho til NRK.

Det er venta at Pabuk skal treffe fastlandet med feriestader som Krabi og Phuket fredag kveld.

Har sendt varsel

Det er også mange nordmenn som ferierer i området. Norske turoperatørar NRK har snakka med seier dei følger utviklinga. Kommunikasjonssjef Nora Aspengren i Tui seier dei har bede sine gjestar følge dei instruksane dei får lokalt.

– Vi har sendt melding til alle dei som reiser med oss i området, og informert om at det er venta sterk vind og mykje nedbør. Vi oppmodar alle til å følge dei instruksane som blir gjeve på hotellet og av lokale styresmakter.

Utanriksdepartementet har også sendt ut ei melding til ferierande nordmenn der dei oppmodar til å følgje dei råda dei får av lokale styresmakter, reiseselskap og hotell.

Marknadssjef Tonje Løkaas Fossum i Apollo seier dei også følger utviklinga, men at det varsla vêret førebels ikkje får større konsekvensar.

– Vi har avlyst to båtutflukter fredag og laurdag, men elles ventar vi og ser situasjonen an.

Thailand tropisk storm

Det er sett opp raude flagg på stendene på ferieøya Koh Samui i Thailand. Flagga åtvarar folk mot å bade fordi det er venta store mengder nedbør, kraftig vind og høge bølger når den tropiske stormen Pabuk treff land.

Foto: Sithipong Charoenjai / AP

Kan få erstatning

Kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige

Kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige seier dei oppmodar kundane til å reise frå områda som kan bli råka av uvêret, og at dei vil kunne få erstatning for meirkostnadane dette påfører dei.

Foto: Gjensidige

Forsikringsselskapet Gjensidige oppmodar sine kundar om å reise frå område som kan bli råka av stormen. I tillegg bør dei som skulle ha reist til desse områda denne helga, ikkje reise, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad.

– Vi erstattar ekstra kostnadar til for eksempel transport og overnattingved evakuering til næraste trygge plass.

Også dei som allereie har reist til ein annan plass, men har hotell i områda som blir råka, vil få erstatta meirutgiftene for å bli verande på den sikre plassen, seier Rysstad.

Turistindustrien i Sør-Thailand er ein viktig inntektskjelde for landet. Styresmaktene er difor ekstra opptekne av tryggleiken til turistane i området.

SISTE NYTT

Siste nytt