Hopp til innhold

Sju estarar kidnappa i Libanon

Sju sykkelturistar frå Estland er bortførde av væpna menn i Bekaa-dalen i Libanon, opplyser kjelder i den libanesiske hæren.

Libanesisk soldat med ein av syklane til dei bortførde estarane.

Ein libanesisk soldat med ein av syklane som låg att på staden. Også ryggsekkane til syklistane låg att.

Foto: STR / Reuters

Ein tenestemann i den libanesiske hæren seier til AFP at dei sju er frå Estland, medan andre kjelder seier det er både estarar og ukrainarar blant dei bortførde. Tidlegare vart det meldt at det var funne eit ukrainsk identitetspapir på staden.

Libanesisk soldat med ein av syklane.

Syklane og bagasjen til syklistane låg att på staden. Libanesiske politisoldatar etterforskar bortføringane.

Foto: STR / Reuters

Den estiske konsulen i Libanon seier at han har fått opplysiningar om at dei sju er frå Estland.

Væpna og maskerte menn

Ei kjelde seier til Reuters at væpna og maskerte menn i ein svart Mercedez og to kvite varebilar kidnappa utlendingane i eit industriområde i byen Zahle.

Ein fotograf frå Reuters i Zahle opplyser at syklane og ryggsekkane til dei sju turistane ligg att på staden. LIbanesiske politisoldatar er på staden og avhøyrer folk, fortel han. Zahle lilgg 53 kilometer aust for hovudstaden Beirut.

Ein talsmann for den libanesiske hæren stadfestar at sju utlendingar har status som sakna i området, men vil ikkje gi fleire opplysningar.

Ein anonym tenestemann i hæren seier at dei utanlandske syklistane hadde kryssa grensa til Libanon frå Syria rundt kl. 15 i dag. Det er uklart om dei som har bortført dei sju estarane har politiske motiv.

- Kjenner ikkje til bortføring

Ramez Mustafa, talsmann for den palestinske gruppa PFLP-GC, som har basen sin i dette området, nektar for at dei har noko med bortføringa å gjere. Han seier til AFP at dersom dei får informasjon om dei, så vil dei med ein gong gi beskjed til libanesiske styresmakter.

I fjor vart to polske turistar kidnappa i Bekaa-dalen, men dei vart raskt sette fri etter at libanesiske soldatar opna eld mot kidnapparane ved ei vegsperring. Ein av kidnapparane vart drepen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt