Folk som kom til prøvde å sløkkje brannen i bilen til Hamas-leiaren Massoud Titi. (Foto: Suhaib Salem, Reuters)
Rundt ein halvtime etter at ein sjølvmordsbombar tok med seg minst 12 andre i døden på ein buss i Vest-Jerusalem, gjekk israelske kamphelikoptter til aksjon i Gaza by. Målet var ein bil der ein leiar i den militære delen av Hamas, Massoud Titi, var med. Titi vart drepen, og minst ein til av dei drepne var Hamas-medlem.
Ville hjelpe
Dei fem andre skal ha vore folk som oppheldt seg i nærleiken av bilen under angrepet. Ei melding går ut på at dei vart drepne medan dei prøvde å hjelpe dei som var inne i bilen.
Fleire skal ha blitt skadde i angrepet, fortel augevitne. Fleire andre bilar skal også ha vorte øydelagde i angrepet. To av dei drepne var kvinner.
Israelske militære kjelder seier til nyheitsbyrået AFP at Massoud Titi var hovudmann i Hamas bak produksjonen av Quassam-rakettane, som Hamas ofte skyt særleg mot den israelske grensebyen Sederot. Quassa-raketten har ei rekkjevidde på 12 kilometer.
Ingeniøren
Den andre drepne Hamas-medlem skal vere Abu Nahel, av Israel rekna som ein av toppane i organisasjonen når det gjeld produksjon av bomber. Dei israelske kjeldene AFP har snakka med i kveld seier at han var ein nær medarbeidar av Yeha Ayash, kalla "Ingeniøren", som vart drepen i eit israelsk attentat i 1996.
Nahel skal også ha vore livvakt for den åndelege leiaren i Hamas, Sheikh Ahmad Yassin.
Ved 23-tida i kveld vart det meldt at eit israelsk kamphelikopter avfyrte rakettar mot eit mål på Gazastripa, utan at det førebels er klart kva som var målet for angrepet. Ein AFP-journalist fortel at fleire helikopter flaug over Gazaområdet, og at eitt av dei avfyrte ein rakett.
Store folkemengder strøymde til åstaden for eksplosjonen. (Foto: Suhaib Salem, Reuters)