Situasjonen skal vere alvorleg for fleire av dei skadde. Ein av dei drepne skal vere mannen som utløyste bomba. Den militante palestinske gruppa Hamas har teke på seg skulda for udåden.
Dei palestinske styresmaktene seier i ei fråsegn i ettermiddag at dei fordømer alle aksjonar der uskuldige palestinske eller israelske sivile blir drepne.
Kjøpesenteret var fullt av folk då eksplosjonen skjedde.
Politiet opplyser at ein sjølvmordsaksjonist prøvde å kome seg inn i kjøpesenteret, og at han utløyste bomba då han vart nekta tilgjenge av ei tryggingsvakt. Sju er drepne og rundt 110 er skadde, fleire av dei alvorleg.
Krisemøte
Ein talsmann for den israelske regjeringa seier at dei palestinske styresmaktene er ansvarlege for bombeeksplosjonen. Statsminister Ariel Sharon starta eit møte i sitt kriseministerirum klokka 13 for å diskutere det som har skjedd. Kriseministeriet består av Sharon sjølv, forsvarsminister Benjamin Ben Eliezer og utanriksminister Shimon Peres.
Det er venta harde israelske mottiltak etter sjølvmordsaksjonen.
Området rundt kjøpesenteret vart sperra av etter sjølvmordsaksjonen. (Foto: RTV)
Augevitne fortel at eksplosjonen var svært kraftig, og at heile kjøpesenteret rista. Bombemannen hadde truleg ein sprengladning festa som eit belte rundt livet.
Vekte mistanke
Bombemannen kunne truleg gjort endå meir omfattande skade dersom han hadde kome seg inn i sjølve kjøpesenteret. Vaktene vart alarmerte av at bombemannen var kledd i ein tjukk frakk, trass det varme veret. Mannen skal ha rusla rundt på utsida av senteret, truleg for å prøve ein annan måte å kome inn på enn gjennom hovudinngangen.
Ein høgtståande palestinsk politioffiser opplyser til nyheitsbyrået Reuters at sjølvmordsaksjonisten var 20 år gamle Mahmoud Ahmed Marmash frå Tulkarem på Vestbreidda, medlem i Hamas. Han var snekkar av yrke, og budde saman med familien på 13. Tulkerem ligg berre 12 kilometer frå Tulkarem.
Netanya
Netanya, som ligg tre mil nord for Tel Aviv, har vore målet for to andre liknande aksjonar dei siste månadene. Militante palestinske grupper har stått bak dei tidlegare bombeeksplosjonane. Eksplosjonen i dag verkar å vere den mest alvorlege sidan starten på den palestinske oppstanden i månadsskiftet september/oktober i fjor.
Fire personar vart drepne, inkludert ein sjølvmordsaksjonist, i ein bombeeksplosjon Neatnya 4. mars i år. 1. januar i år omkom sjølvmordsbombaren og mange israelarar vart skadde i eit bombeåtak mot ein buss.
Svært mange russiske immigrantar bur i Netanya.