Se reportasjen i Søndagsrevyen
Eit amerikansk helikopter flyg over eksplosjonsstaden i sentrum av Bagdad. (Foto: Ramzi Haidar/AFP/Scanpix)
Telegrambyrået Reuters skriv at Bagdad Hotel, som truleg var målet for dei kraftige eksplosjonane, blir brukt av amerikanske etterretningsoffiserar og anna tryggingspersonell.
CIA
Det er hevda at hotellet er brukt som hovudkvarter av den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA i Bagdad, men dette blir tilbakevist av amerikanske kjelder. Irakisk politi seier at også medlemmer av det USA-innsette styringsrådet bur på hotellet.
Irakisk politi seier at minst seks irakiske politimenn, som
stod vakt utanfor hotellet, blei drepne. Minst 32 personar skal vere skadde.
- Ein kvit bil utanfor hotellet stod i brann, seier politiet.
Gjennom barriere
Eit irakisk augevitne seier at han såg ein kvit bil køyre tvers gjennom ein barriere framfor hotellet, før ei tryggingsvakt skaut mot den, og bilen eksploderte.
Ein CNN-reporter seier at han kjende eksplosjonen i Palestine Hotel fire kvartal unna Bagdad Hotel.
Etter eksplosjonane har store mengder tungt utrusta amerikanske soldatar kome til staden, og feire militære helikopter krinsar over.
Også store folkemengder samla seg i sentrum av Bagdad etter eksplosjonane. Nokre stader blei det ropt slagord mot den amerikanske okkupasjonsmakta.
Eksplosjonane var så kraftige at ein tryggingsvegg av betong utanfor hotellet velta over ende, medan butikkvindauge nedover heile gata blei smadra. Også underetasjen i bygningen ved sida av hotellet tok fyr.
To bilar
Ein politimann på staden sa at ein bil blei køyrd av ein sjølvmordsbombar, medan ein annan bil stod parkert utanfor hotellet, fyld med sprengstoff.
Augevitne sa at det kom ein mindre eksplosjon kort tid etter den første, men dette er ikkje stadfesta av andre.
Den amerikanskleia administrasjonen i Irak skulda Saddam-lojale opprørarar for å stå bak angrepet.