NRK Meny
Normal

Sju dagar med landesorg for Chávez

Venezuela erklærer sju dagar med landesorg etter at president Hugo Chávez (58) måtte gje etter for kreftsjukdomen tysdag. USA skimtar håp om eit meir konstruktivt forhold til landet.

Tilhengarar av Hugo Chavez samla seg i går utanfor militærsjukehuset i hovudstaden Caracas, der presidenten trekte sine siste andedrag tysdag kveld.

Tilhengarar av Hugo Chavez samla seg i går utanfor militærsjukehuset i hovudstaden Caracas, der presidenten trekte sine siste andedrag tysdag kveld.

Den avdøde presidenten blir gravlagd fredag. Mange land og organisasjonar rundt om i verda sende umiddelbart ut kondolansar til Venezuela.

Castro-regimet på Cuba, som har hatt svært tette band til Chávez, har også erklært landesorg i tre dagar for å visa medkjenske og respekt overfor sin nærmaste allierte i regionen.

Kondolansen frå USA var mindre sorgtung og meir framoverskuande.

Venezuelanere bosatt i USA mottok nyheten om presidentens død med jubel i natt.

NETT-TV: Venezuelanere bosatt i USA mottok nyheten om presidentens død med jubel i natt.

Forholdet mellom Venezuela og USA har mildt sagt vore ampert i tida under Chávez, som markerte seg som ein sosialistisk politikar og ein skarp kritikar av USA. Chávez brukte ofte sterke ord, og har blant anna kalla George W. Bush for «djevelen».

– USA understrekar i denne krevjande tida etter president Hugo Chávez sin bortgang at me støttar det venezuelanske folket og er interesserte i å utvikla eit konstruktiv forhold til styresmaktene i Venezuela, seier president Barack Obama.

– Me er i sorg

Bolivias President Morales

Presidenten i Bolivia Evo Morales er 'knust' over nyheita om at ein av sine nærmaste allierte har gått bort.

Foto: HANDOUT / Reuters
Dilma Rouseff vann presidentvalet i Brasil

Presidenten i Brasil, Dilma Rouseff.

Foto: Nabor Goulart / Ap

Chávez har av ekspresidenten og revolusjonsikonet Fidel Castro blitt hylla som ein «sann son» i alle dei 14 åra han har sete med makta.

Det var også på Cuba Chávez tilbrakte mesteparten av tida og fekk behandlingar og operasjonar då kampen mot kreften hardna til.

Den sosialistiske presidenten i Bolivia, Evo Morales, har trekt mykje lærdom og inspirasjon frå Chávez til å byggja opp sin eigen leiarstil og sine politiske kampsaker.

Morales seier han er «knust» av nyheita om at Chávez er død.

– Me er i sorg, legg Morales til.

Presidenten i Brasil, Dilma Rouseff hyllar Chávez som ein «stor latinamerikanar».

– Me minnest ein stor leiar og ein ven av det brasilianske folket. Dette er eit uoppretteleg tap, seier ho.

«Ein leiar som var djupt dedikert i arbeidet med å foreina Latin-Amerika», var minneord frå den konservative presidenten i Chile Sebastian Piñera.

Kondolansar og minneord har også kome frå styresmaktene i blant anna Colombia, Uruguay, Argentina, Ecuador og El Salvador.

Barth Eide håpar på samlande president

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) kondolerer også Venezuela.

– Eg kondolerer regjeringa i Venezuela og folk i samband med president Hugo Rafael Chávez Frías sin bortgang, seier Eide i ein kommentar til NTB.

– Chávez var ein markant forkjempar for dei fattige i Venezuela gjennom sine mange år som president. Han var samstundes ein tydeleg, men til tider omstridd leiar, både heime og ute.

Eide påpeikar at Noreg samarbeider med Venezuela på fleire viktige område, blant anna med fredsprosessen i Colombia.

– Eg håpar at den som blir ny president evnar å samla befolkninga for å løysa dei mange utfordringane som Venezuela står overfor, uttalar Eide.

Generalsekretæren i FN, Ban ki-Moon, sender sin kondolanse til «Chávez' sin familie og til det venezuelanske folk».

Presidenten i Russland, Vladimir Putin minnast Chávez som ein «original, framtidsretta og sterk mann» som bidrog sterkt i kontakten mellom Moskva og Caracas.

Den avdøde venezuelanske presidenten Hugo Chávez har ved fleire høve uttala seg negativt om tidlegare persident i USA George W. Bush.

Hugo Chávez var ein krass kritikar av USA, og særleg av tidlegare president George W. Bush.

– Styr unna hatet

Nicolas Maduro

Visepresident Nicolas Maduro trer inn som fungerande president i Venezuela fram til det blir skipa til nyval. Han mana tysdag til samhald og ro.

Foto: JUAN BARRETO / Afp

Den venezuelanske hæren er sett i høgste beredskap i samband med at presidenten er død, og soldatar og politi er utplasserte i gatene i hovudstaden og andre store byar.

– Hald veikskapen og valden unna. Styr unna hatet. Det bør berre vera ei kjensle i hjartene våre: kjærleik, kjærleik, fred og disiplin, sa visepresident Nicolás Maduro då kan kunngjorde at presidenten var død klokka 22.05 norsk tid.

Butikkar og restaurantar stengde då folk fekk høyra kva som hadde skjedd. Folk i gatene i hovudstaden Caracas la på sprang. Mange ga uttrykk for vantru og smerte, medan andre blei redde som følgje av dei sterke reaksjonane.

– Me er alle Chávez, ropa hundrevis av sørgjande utanfor militærsjukehuset i Caracas der presidenten døydde etter å ha kjempa mot kreften i to år.

Sorg over Chávez i Venezuela

Ein tilhengar av Chávez tek eit tårevått farvel med den avdøde presidenten utanfor militærsjukehuset i Caracas.

Foto: LEO RAMIREZ / Afp

Vald i Caracas

Trass i visepresidenten sine oppmodingar, blussa det tysdag kveld opp politisk vald fleire stader i hovudstaden.

Ei gruppe maskerte og væpna menn på motorsyklar gjekk til åtak på 40 studentar som hadde slått leir og protestert i over ei veke utanfor Høgsterett, med krav om å få meir informasjon om helsa til presidenten.

Utanfor militærsjukehuset, dit dei nærmaste kom for å ta eit siste farvel med den avdøde, gjekk sinte menneske til åtak på ein fjernsynsjournalist.

– Dei slo oss med hjelmar, kjeppar. Menn og kvinner - vaksne, seier reporteren medan blodet drypp frå panna.

– Eg vil berre heim. Folk går av skaftet og er altfor opprørte, seier husmora Maria Elena Lovera (45) til nyheitsbyrpået AP.

Opposisjonelle frydar seg

Folk bar tysdag kveld med seg venezuelanske flagg og plakatar med tekstar som «Folket, Chávez, revolusjon, kampen held fram» og «Chávez lever».

– Me føler at faren til fedrelandet vårt og mange andre nasjoner fysisk har forlate oss, sa den 40 år gamle kommunetilsette Francis Izquierdo.

Einskilde opposisjonelle klarte derimot ikkje å skjula gleda over at leiaren dei hata så intenst var borte.

– Endeleg! Ropa kvinner som strøymde ut i gatene i eit overklassestrøk i Caracas.

Men dei fleste motstandarane viste seg ikkje på gata og gav heller uttrykk for sin fryd på twittermeldingar.

Kunngjer nyval innan 30 dagar

Chavez

Hugo Chávez måtte til slutt gje etter for kreften han har kjempa mot dei siste to åra.

Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters

Chávez kom til makta i 1999 og blei sitjande i 14 år etter å ha endra grunnlova. Det karismatiske statsoverhovudet var kjend for å tala dei fattige si sak, og for si fiendtlege haldning til USA.

Han var både elska og hata av sitt eige folk. I kva retning Venezuela kjem til å gå etter Chávez, er eit ope spørsmål.

I tråd med Chávez sitt ønske vil styresmaktene kunngjera nyval innan 30 dagar.

Det er uklart om det er kunngjeringa eller sjølve valet som skal skje i løpet av den nærmaste månaden.

I grunnlova heiter det «i de påfølgande 30 dagane», men det er uklart om det er etter at presidenten døyr eller etter at datoen for valget er fastsatt. Regjeringa og opposisjonen har vore usamde om korleis lova skal tolkast på dette punktet.

Visepresident Nicolás Maduro trer i mellomtida inn som fungerande president, opplyser utanriksministeren i landet, Elias Jauá.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt