Hopp til innhold

Sju bortførde syklistar sette fri

Sju sykkelturistar frå Estland, som vart bortførde i det austlege Libanon i mars, er sette fri.

Dei sju frisette gislane vinkar frå den franske ambassaden i Beirut.

Dei sju estiske gislane vinkar frå ein balkong på den franske ambassaden i Beirut.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

Ein polititenestemann i den libanesiske hovuddsdtaden Beirut seier at dei sju vart sette fri i byen Sahel-al-Taybi i den austlege Bekaa-dalen, og at dei verkar å vere i god form.

Ein talsmann for det estiske utanriksdepartementet seier at dei sju no er i den franske ambassaden i Beirut, der dei blant anna skal undersøkjast av legar. Det er venta at dei sju kan reise tilbake til Estland i løpet av kvelden.

I ettermiddag vinka dei sju til fotografane frå ein balkong på ambassaden.

Uklart om løysepengar

Estland har ikkje ambassade i Libanon, og det er den franske ambassaden som har forhandla fram ei lauslating av sykkelturistane.

Innanriksministeren i Libanon, Marwan Charbel, seier at han ikkje kan stadfeste at det er betalt løysepengar.

- Så vidt eg kjenner til kravde ikkje kidnapparane pengar for å sette dei sju fri, sa Charbel til libanesisk fjernsyn i føremiddag.

Andre kjelder seier at det er betalt ut løysepengar, men det blir ikkje sagt noko om kor stor sum det er snakk om, melder nyheitsbyrået AFP.

Det har vore svært stille om saka dei siste månadene, men det fleire personar skal vere arresterte i denne perioden, blant dei islamistar.

LES OGSÅ: Kidnappa estarar i YouTube-video

LES OGSÅ: Intens jakt på estiske syklister

Islamistisk gruppe

Det var truleg den ukjende islamistiske gruppa Haraket Al-Nahda Wal-Islah (Rørsla for utvikling for reform) som bortførde dei sju estiske sykkelturistane, alle menn i 30-åra, då dei kom inn på libanesisk område frå Syria.

Dei sju stod fram i ein video på Internett i april og mai, der dei bad leiarrane i Libanon, Saudi-Arabia, Jordan og Frankrike, men ikkje Estland, om hjelp til å bli fri. Ein tredje video vart send til fleire slektningar i juni.

Bekaa-dalen på grensa mellom Libanon og Syria er eit lovlaust område der mangge væpna grupper held til. Det er ikkje uvanleg med bortføringar i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.