NRK Meny
Normal

Born drepne i sjølvmordsåtak i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei bombe har eksplodert i eit hus nordvest i Pakistan. Ni personar skal vere drepne, tre av dei var born, ifølgje pakistansk politi.

Ifølgje pakistansk politi sprengte ei bombe i eit hus som ineheldg både bustader og kontor, og skal ha vore opphaldsstad for ei lokal militsgruppe.

Ni personar skal vere drepne, deriblant tre born.

Åtaket skjedde i landsbyen Spin Dal i Orakzai-området. Militsgruppa som held til i bygninga skal vere kjente rivalar av ei anna gruppe assosiert med pakistanske Taliban.

Det er enno ikkje kjent kven som stod bak åtaket. Bombaren skal ha prøvd å ta seg inn ein gjesteinngang i framkant av åtaket, og detonerte bomba då han blei stoppa av vakter utanfor, ifølgje kjelder til nyheitsbyrået AP.

Ifølgje ein lokal tenestemann til NTB er det uklart om åtaket blei utført av ein sjølvmordsbombar eller om sprengladinga gjekk av ved eit uhell.

Tre born var mellom dei drepne, og 15 personar blei skadde, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt