Dei to var truleg på veg til å gjennomføre ein sjølvmordsaksjon mot den jødiske busetjinga Kfar Darom sør på Gazastripa. Israelske tryggingskjelder opplyser at dei to vart funne døde med belter av eksplosivar rundt kroppen.
Den ytterleggåande organisasjonen PFLP seier at dei to gjennomførte eit sjølvmordsangrep som eit svar på den israelske okkupasjonen.
I byen Ramallah på Vestbreidda vart ein medlem av dei palestinske tryggingsstyrkane skoten og drepen av israelske soldatar i ei skotveksling, melder palestinske sjukehusskjelder.
Tidleg i dag gjekk også ei gruppe palestinarar til åtak på ein konvoi av israelarar like ved den jødiske busetjinga Netzarim på Gazastripa, utan at nokon vart skadd. Då israelske soldatar kom til like etterpå eksploderte ei bombe, men ingen vart skadd.