NRK Meny
Normal

Politikledde sjølvmordsbombarar drap 12

To sjølvmordsbombarar utkledde som politimenn har sprengt seg sjølv i lufta inne på ein politistasjon aust i Afghanistan. Minst tolv skal vera drepne og elleve såra.

Afghansk politi på skytetrening

Afghansk politi under trening. Dei er eit utsett mål for sjølvmordsbombarar.

Foto: AHMAD MASOOD / Reuters

Det var hovudpolitistasjonen i Paktika-provinsen sør-aust i Afghanistan som blei råka av åtaka.

Begge åtakarane var kledde som politibetjentar og gjekk inn på politistasjonen med 20 minuttars mellomrom, opplyser BBC.

Gjennom tre sikkerheitskontrollar

Sjølvmordsbombarane kom seg gjennom tre sikkerheitskontrollar langs vegen til hovudkvarteret. Ein av dei detonerte sprengstoffet inne i bygget, medan den andre sprengde seg sjølv i lufta utanfor inngangen til stasjonen.

– Det er mange drepne. Plassen er heilt dekt med blod, seier leiaren for dei kommunale styresmaktene, Nawab Waziry til nyheitsbyrået AFP.

Paktika-regionen har vore eit mål for mange av USA sine droneåtak mot Taliban-opprørarar i landet.

NATO-styrkar drap også 19 taliban-medlemmer som gjekk til åtak på ein militærbase i området i oktober.

– NATO-offensivane i Helmand- og Kandahar-provinsen har ført til meir vald i andre delar av Afghanistan, meiner BBC-korrespondent Pauld Wood i Kabul.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt