NRK Meny
Normal

Ser ikkje lyset i den greske tunellen

Den økonomiske knipa i Hellas får mange grekarar til å sjå mørkt på livet. Sjølvmordsraten har stige med heile 40 prosent sidan finanskrisa braut ut i 2008.

Streik i Hellas

Stadig fleire kriseråka grekarar vel å ta sine eigne liv. Med ei svart kiste og bodskapen 'Me døyr' viser demonstrantar her sin avsky mot styresmaktene sine spareplanar.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

«Ikkje sjå etter andre årsaker. Den økonomiske krisa førte meg hit. Eg skuldar pengar til trygdevesenet, til kjøpmenn og til husverten»

Desse orda er å finna i avskjedsbrevet til ein teppebutikk-eigar og familiefar som kasta seg i døden frå ei bru ved den greske byen Delfi i april i år.

Han er ein av mange grekarar som har vald døden framfor livet dei siste åra.

Ifølgje det greske Helsedepartementet har sjølvmordsraten i Hellas auka med heile 40 prosent sidan finanskrisa starta for nesten to år sidan.

Sterke familieband og få sjølvmord

Hellas har tidlegare vore eit land med oppsiktsvekkjande få sjølvmord samanlikna med resten av Europa.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) har tradisjonane med tette familieband bidrege til å halda statistikken nede i 3,5 sjølvmordstilfelle per 100 000 innbyggjarar.

Til samanlikning har sjølvmordsraten i Noreg lege på rundt 10-11 tilfelle per 100 000 innbyggjarar dei siste åra, syner tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Men førekomsten av sjølvmord i Europa aukar mest i dei landa som har gått på den verste finanskrise-smellen, viser eit nytt forskingsprosjekt omtala i det britiske fagtidsskriftet The Lancet.

Særleg urovekkjande er den drastiske utviklinga i Hellas, som i tillegg til Irland, Portugal, Spania og Italia er blant dei europeiske landa som er hardast råka av finanskrisa.

Forretningar som går konkurs, kraftig nedbemanning i offentleg sektor og ei arbeidsløyse som er oppe i 16 prosent. Stadig fleire av dei 820 000 grekarane som no er utan arbeid, har vanskeleg for å sjå lyset i tunellen.

Finanskrise i Hellas

Ein mann forsyner seg med rester av olivenolje frå ein søppelkonteiner.

Foto: Nikolas Giakoumidis / Ap

Døgnbemanna krisetelefon

I gatene i den greske hovudstaden Athen ser ein tydeleg korleis den skakkjørte greske økonomien har kasta folk ut i elende og desperasjon.

Over alt ligg det menneske og søv på parkbenkar eller på asfalten. Nokon leitar etter mat i søppelkassar, medan andre oppsøkjer suppekjøkkenet som den ortodokse kyrkja har opna.

Men køen er lang. Dagleg kjem det meir enn 4000 arbeidslause hit for å få seg eit etterlengta måltid.

Den greske interesseorganisasjonen Klimaka har fokus på mental helse. Då den greske tragedien for alvor byrja å manifestera seg i 2007, oppretta Klimaka ein døgnbemanna krisetelefon for personar som går rundt med sjølvmordstankar.

Psykologen Aries Volatzis er ein av dei som tek imot dei dystre telefonsamtalane.

– Sidan i dag tidleg har eg hatt 56 samtalar. Det blir berre fleire og fleire som ringjer, seier ein sliten Volatzis til Svenska Dagbladet.

Finanskrise i Hellas

I Athen har mange bedrifter gått konkurs som følgje av krisa. Fleirtalet av dei som vel å gjera ende på liva sine er forretningsmenn som har mista alt.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / Reuters

– Ofte familiefedre

– Det hender at dei ringjer og fortel at dei har svelgt tablettar eller førebur sjølvmord på anna vis. Dersom me har ei adresse, så rykkjer me ut med eit heilt team. Me har redda menneske som var på veg til å hengja seg sjølve eller som stod klare med pistol i handa,fortel krisepsykologen.

Ifølgje Volatzis er det den godt vaksne forretningsmannen som er den typiske sjølvmordskandidaten:

– Som regel er det ein mann i alderen 45-55 år som tidlegare har hatt ei lita verksemd. Han er gift og har to born. No har forretninga kollsigla og han har mista alt, ikkje berre økonomisk. Sjølvbiletet har vorte forstyrra, det dreier seg om ei djup identitetskrise.

Hoppa frå luksushotell

Eit døme frå verkelegheita er forretningsmannen som tidlegare i år hoppa frå balkongen på eit luksushotell ved Syntagmatorget i Aten. I eit brev som han etterlét seg, skreiv han at han hadde hamna i eit svart hol som følgje av økonomiske problem, og at han ikkje såg nokon annan utveg.

Det enorme bykset i talet på sjølvmord har fått greske parlamentsmedlemmer til å reagera.

Fleire av dei folkevalde har oppmoda regjeringa til å ta affære ved å blant anna bevilga meir pengar til støttegrupper og organisasjonar som jobbar med mental helse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt