Sju israelske politifolk vart skadde, to av dei alvorleg, opplyser israelske legar. Ambulansepersonell seier at to palestinarar vart drepne i eksplosjonen, og at ni andre palestinarar vart skadde, ein av dei kritisk.
Israelsk radio melder at bomba gjekk av då bilen til ein sjølvmordsaksjonist vart sjekka av israelske grensepoliti. Han hadde anten bomba på seg, eller så var ho festa til køyretyet, blir det meldt. Det er uklart om mannen var åleine i bilen.
Eksplosjonen skjedde like ved kontrollposten Qalandiya, ein av dei travlaste mellom Israel og Vestbreidda.
Den ytterleggåande gruppa Al Aqsa-brigadane har teke på seg skulda for sjølvmordsaksjonen.
- Dette er eit svar og ein reaksjon på okkupasjonsmakta sine brotsverk på Vestbreidda og Gazastripa, og det vil kome fleire angrep, heiter det i ei fråsegn frå Al Aqsa-brigadane, ei gruppe knytt til Yasir Arafats Fatah-rørsle.