Hopp til innhold

Sjølvmordsaksjon mot gravferd

Det var stappfult av menneske i gravferdsteltet, då ein mann med sprengstoffbelte rundt livet gjorde sørgjehøgtida til eit inferno.

Minst 30 menneske vart drepne og overf 60 såra i den kraftige eksplosjonen som ramma ei sjiamuslimsk gravferd i Khalis, ein by i den urolege Diyala-provinsen nord for den irakiske hovudstaden Bagdad.

Angrepet ber alle kjenneteikn på Al Qaida, seier ei kjelde i politiet.

Det har vore harde kampar mellom amerikanske styrkar og Al Qaida-grupper i Diyala-provinsen den siste tida.

 

I helga vart fem amerikanske soldatar drepne i dette området, og dette gjer at over 100 amerikanske soldatar har mist livet i Irak den siste månaden.

 

SISTE NYTT

Siste nytt