Hopp til innhold

Sjølvmord stengjer militærbase

Ein stor militærbase i Kentucky i USA har stansa all aktivitet i tre dagar, etter ei bølgje av sjølvmord blant soldatane.

Soldatar frå Fort Campbell i kamp i Afghanistan

Soldatar frå Fort Campbell i kamp i Afghanistan.

Foto: DAVID FURST / AFP

Det har vore 11 stadfesta eller mistenkte sjølvmord blant soldatane på Fort Campbell den siste tida, og basen har den høgste sjølvmordsraten blant dei væpna styrkane i USA.

Dette er heimebasen til den vidgjetne 101. Airborne Divison, ei avdeling som har lidd store tap i Irak og Afghanistan.

Stansar aktiviteten

Brigadegeneral Stephen Townsend gav ordre om stans i all aktivitet ved basen etter at to nye soldatar tok liva sine sist veke.

Det amerikanske forsvaret varslar kamp mot sjølvmordsbølgja.

Det amerikanske forsvaret varslar kamp mot sjølvmordsbølgja.

Foto: Christopher Berkey / AP

- Sjølvmorda på Fort Campbell må stanse. Det er ille for soldatane, for familiane, for avdelingane våre og for landet vårt, sa han i ein tale til sodatane i dag.

Han sa at sjølvmord er ei endeleg løysing på problem ein har på eit spesielt tidspunkt.

- Tru meg, same kor store problem du verkar å ha i dag, så er ikkje det slutten. Det blir betre i morgon. Ta ikkje bort morgondagen din, sa han i den kjensleladde talen til soldatane på basen.

Den tre dagar lange stansen i dei daglege gjeremåla på Fort Campbell var gjort for at kvar enkelt på basen skal få bruke tida på dette problemet.

Psykiske problem

Soldatane i 101. Airborne Division har ei tøff teneste.

Soldatane i 101. Airborne Division har ei tøff teneste i Afghanistan.

Foto: Rafiq Maqbool / AP

- Tenestestansen skal gi eit signal til alle soldatar om at dei har eit ansvar overfor seg sjølve og kameratane sine. Det skal også vere ei påminning til alle med leiaransvar om at dei er ansvarlege for at soldatane på basen har det bra, seier talskvinne for Fort Campbell, Kelly Tyler.

Det blir rekna med at trauma som følgje av å vere med i kamphandlingar, og fleire periodar i krigssonene, har gjort at så mange soldatar tek liva sine. I fjor tok 128 amerikanske soldatar sjølvmord, året før var talet 115.

Hittil i år er det registrert 64 stadfesta sjølvmord blant amerikanske soldatar, eit tal som gjer at hæren fryktar at 2009 skal bli eit nytt rekordår når det gjeld soldatar som tek sine eigne liv.

Forsvarssjefen i USA , admiral Mike Mullen, trur dei mange sjølvmorda er forårsaka av gjentekne utplasseringar i krigsområde, noko som fører til eit stort press både på soldatane og på familiane deira.

Negativt for karrieren

Forsvarssjefen i USA, admiral Mike Mullen.

Admiral Mikke Mullen er forsvarssjef i USA.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Mullen har bede amerikanske soldatar om å vere på utkik etter kameratar som kan ha psykiske problem, slik at dei kan få hjelp. Samstundes innser han at mange av dei som tenestegjer i dei væpna styrkane er redde for å vedgå at dei har psykiske problem, fordi dei trur det kan øydeleggje for den vidare karrieren i forsvaret.

I ei meiningsmåling som American Psychological Assosiation, den amerikanske pyskologiforeininga, gjennomførde i fjor viste det seg at 61 prosent av soldatane trudde at det å søkje hjelp hos psykolog ville ha ei negativ innverknad på den vidare karrieren.

53 prosent rekna med at det å vedgå å ha psykiske problem ville føre til at statusen deira blant medsoldatar ville blir dårlegare.

Admiral Mike Mullen forsikrar at leiinga i det amerikanske forsvaret har teke tak i problemet.

- Det første og viktigaste steget for å løyse eit problem, er å innsjå at vi har eit problem. Og det gjer vi, sa Mullen i ein tale nyleg.

SISTE NYTT

Siste nytt