Hopp til innhold

Sjakalen: – Bin Laden er ein ekte martyr

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den livstidsfengsla terroristleiaren «Sjakalen» hyllar Osama bin Laden og kritiserer USA i eit eksklusivt nytt intervju med Sveriges Television.

Ilich Ramírez Sánchez aka "Sjakalen Carlos"

Ilich Ramírez Sánchez aka 'Sjakalen Carlos' hevdar sjølv at han har over 1500 drap på samvitet.

Foto: - / AFP

– Bin Laden er ein martyr, ein ekte mujahedin, seier «Sjakalen», eller Ilich Ramírez Sánchez som han eigentleg heiter, i eit unikt telefonintervju med SVT.

På 1970- og 80-talet var Sánchez ein av dei mest frykta og ettersøkte terroristane i verda. På 2000-talet er det Osama bin Laden som har hatt den rolla.

Sánchez trefte sjølv den nyleg drepne Al Qaida-leiaren i Libanon tidleg på 1970-talet.

– Det er utruleg. Eg hugsar godt mitt møte med bin Laden. Han var ein ung gut den gongen, truleg rundt 16 år gammal, fortel den fengsla terroristen.

Drap, kapringar og bomber

Også etter terrorangrep 11. september 2001 i New York, der om lag 3000 menneske mista livet, uttrykte Sjakalen støtte til Osama bin Laden.

Sjølv var den venezolanske terroristen svært aktiv i ulike ekstremistiske grupper på 1970-talet, og medverka til nokre av dei mest omtalte terroraksjonane på den tida.

Han gjekk frå å vera ein idealistisk venstreradikaler til å bli ein sjølvutnemnd «profesjonell revolusjonær» som utførte spektakulære drap, kapringar og bombeåtak.

«Sjakalen» blei dømd til fengsel på livstid av ein fransk domstol i 1997. Han var etterlyst i mange år, før han i 1994 vart utlevert frå Sudan til Frankrike, der han no sonar livstidsdommen.

– Har skote minst 50 i hovudet

I intervjuet med SVT kritiserer Sánchez USA for å halda tilbake bileta av den likviderte bin Laden.

Amerikanske styresmakter hevdar bileta av den drepne terroristen er for grufulle til at dei kan visast offentleg. Årsaka er at ei av kulene skal ha gått gjennom eit øyra og ut gjennom eit auga, slik at hjernemassen kjem ut av hovudet hans.

Den forklaringa held ikkje vatn, meiner Sánchez.

– Eg har sjølv drepe minst 50 personar ved å skyta dei i hovudet. Eg hugsar godt korleis dei såg ut og det er ikkje blant dei beste minna eg har. USA kunne likevel ha vist kroppen til bin Laden sitt lik.

– Det er noko rart med den forklaringa der, legg Sánchez til.

SISTE NYTT

Siste nytt