Ifølgje to politikjelder har sjåføren av bilen forklart at han høyrde stemmer og trudde han skulle døy i forkant av hendinga.
Mannen har også testa positivt på det narkotiske stoffet PCP – også kalla englestøv, ifølge CNN. TV-kanalen skriv at mannen har sagt at gud bad han gjere det han gjorde.
Mannen er no sikta for drap og 20 drapsforsøk, skriv CNN.
– Basert på informasjon vi har no, er det ingenting som tyder på at dette var ei terrorhandling. Men når det er sagt, vi set ut fleire politifolk ved viktige turistattraksjonar i byen, sa ordførar i New York Bill de Blasio på ei pressekonferanse torsdag ettermiddag.
Han seier at bilføraren er ein 26 år gammal mann frå Bronx i New York som tidlegare har tenestegjort i den amerikanske marinen.
Testa for ruskøyring
26-åringen har kriminelt rulleblad, opplyste ordføraren.
– Den 26 år gamle amerikanske statsborgaren Richard Rojas frå Bronx er arrestert. Han er tidlegare straffedømd og har to tilfelle av køyring i rusa tilstand på rullebladet, sa politimeister i New York, James O'Neill, på pressekonferansen.
Sjåføren vart raskt tatt hand om og promilletesta. Dei første prøvene viste at han ikkje var alkoholpåverka, men det vart tatt fleire prøver for å sjå om han hadde brukt narkotika.
En død og 23 skadd
O'Neill skildra hendinga slik:
– Klokka 11.55 køyrde ein bil i høg fart langs fortauet frå 44th Street til 45th Street og trefte ei rekkje fotgjengarar. Bilen stansa på eit hjørne då den kolliderte med sperringar, sa politimeisteren.
Både ordføraren, politiet og brannvesenet seier at ei kvinne på 18 år mista livet då ho vart køyrt ned av bilen. 23 personar er skadde.
Bilete viser ein raud bil som står med to av hjula over bakken, inntil ein lyktestolpe og barrierar som skal hindre køyretøy i å ta seg opp på fortauet. Panseret og frontpartiet på bilen var samantrykt. Times Square er eit svært populært turistområde.
Kaotisk
Fjernsynsbilete frå CBS New York Television viser politibetjentar som tek med seg bilføraren og plasserer han i ein politibil. Føraren var kledd i ei svart T-skjorte.
Den første meldinga om hendinga kom via ei kunngjering i bygget som husar nyheitsbyrået Reuters sitt hovudkvarter i New York i nærleiken av Times Square. Eit augevitne opplyste då til byrået at minst ti personar låg på bakken.
Augevitne seier til Reuters at køyretøyet køyrde imot trafikkretninga og opp på fortauet. Sko låg spreidde utover fortauet og ein person var dekka av eit blodig teppe, fortel eit augevitne.
Saka blir no etterforska av New York-politiet i samarbeid med FBI.