NRK Meny
Normal

Slik førebudde Taliban seg på angrepet mot basen til prins Harry

Den islamistiske opprørsgruppa Taliban har sendt ut ein video som viser førebuingane til angrepet mot ISAF-basen Camp Bastion i Afghanistan tidlegare denne månaden.

Skrytevideo frå Taliban som viser førebuingar til angrep mot Camp Bastion i Afghanistan

Sjå skrytevideoen til Taliban

To amerikanske ISAF-soldatar vart drepne i angrepet , som Taliban seinare har sagt var retta mot Storbritannias prins Harry. Han gjer teneste ved basen i Helmand-provinsen i Afghanistan. Men andre igjen har sagt at angrepet var hemn for den amerikanske Muhammed-filmen.

Første del av Taliban-videoen viser opprørarar i uniform som trenar på å klippe hol i eit nettinggjerde. Seinare i videoen ser vi dei same opprørarane springande gjennom holet i gjerdet.

Taliban-opprørar klipper seg gjennom nettinggjerde.

Eine Taliban-opprørar klipper hol i eit nettinggjerde som del av førebuingane til angrepet.

Foto: AP

Koran og maskingevær

I ein midtsekvens står ein opprørar framfor ei gruppe kollegaer med ein koran i den eine handa og eit maskingevær i den andre. Ifølgje nyheitsbyrået Ap seier han dette:

«De ser at dei vantru har gått til angrep på religionen vår. Dei har fornærma islam, dei har laga ein karikatur av profeten vår. Dei har gjort seg skuldige i mange stygge handlingar mot muslimane. Dei har sendt muslimar i fengsel og har gjort alle typar kriminelle handlingar mot dei. Dei har fornærma og øydelagt moskear og religiøse skular».

Taliban med koran og maskingevær.

Med koranen i den eine handa og eit maskingevær i den andre eggjar opp denne karen dei andre til kamp.

Foto: AP

Altså ikkje eit ord om korkje om Muhammed-filmen eller om Storbritannias prins Harry.

Planteikning av base

Så kjem ein sekvens i filmen der det som tydeleg er ein kommandant går gjennom planane for angrepet ved å bruke det som skal vere eit enkelt kart eller ei planteikning over baseområdet. Her går det fram at angriparane skal dele seg inn i fire grupper for angripe den franske og den amerikanske delen av basen.

Planteikninga tyder på at Taliban har drive etterretning i framkant av angrepet, eller at dei har hatt hjelp til kartlegginga frå innsida.

På kartet instruktøren nyttar er det merkja av kvar flyhangarane er, og han gir instruksar til dei av angriparane som har sjølvmordsvestar om kvar dei skal sprenge seg sjølve i lufta.

Fleire fly øydelagde

Fleire fly vart øydelagde i angrepet, og ved sidan av dei to amerikanske soldatane som vart drepne, vart også fleire andre soldatar såra.

Det er heller ikkje referansar til den britiske delen av basen og prins Harry i denne delen av videoen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt