Hopp til innhold

Sjå rakettoppskytinga direkte

Orbital Sciences skal klokka 23 norsk tid prøveskyte ein rakett som skal inn i trafikk mellom USA og Den internasjonale romstasjonen ISS. Du kan følgje oppskytinga direkte på NRK.no

Planlagt oppskyting av den private Antares-raketten, som skal frakte leveranser til Den internasjonale romstasjonen ISS.

DIREKTE: Oppskytinga av 'Antares' frå Wallops-øya i USA.

Orbital Sciences er eitt av to private selskap som har inngått avtale med NASA om å frakte varer og utstyr frå USA til Den internasjonale romstasjonen ISS. Oppskytinga går føre seg på Wallops-øya utanfor kysten av den amerikanske delstaten Virginia.

Atterhald om verforholda

Antares-raketten klar til utskyting.

Antares-raketten klar til utskyting frå Wallops-øya utanfor kysten av den amerikanske delstaten Virginia.

Foto: Steve Helber / Ap

Det blir likevel teke atterhald om verforholda. Tidlegare i dag vart det sagt at det var 45 prosents sjanse for at vêret ville vere så bra at utskytinga kunne gå etter planen.

Dersom denne testen går bra, skal Orbital Sciences sende den første raketten sin til ISS på ein demonstrasjonstur i løpet av sommaren. Går alt etter planen skal selskapet gjere sitt første transportoppdrag til ISS mot slutten av 2013.

Raketten skal utstyrast med det som blir kalla Orbital Sciences Cygnus-kapsel. Denne kapselen er ikkje klar, og under prøveoppskytinga i kveld er raketten utstyrt med utstyr som har same vekta som Cygnus-kapselen.

40 meter høg

Om vêret ikkje blir bra nok til utskyting i kveld, vil Orbital Sciences gjere eit nytt forsøk i morgon kveld norsk tid.

Antares-raketten er 40 meter høg og 3,9 meter i diameter.

SISTE NYTT

Siste nytt