Hopp til innhold

Sjå øydeleggingane i Aleppo frå lufta

Videoen over viser Aleppo frå lufta etter dei kraftige bombeangrepa mot dei opprørskontrollerte områda i byen dei siste dagane. Det er truleg minst 250.000 sivile fanga inne i desse bydelane.

Bildene fra drone viser store ødeleggelser i Aleppo. Våpenhvilen brøt sammen i forrige uke og etter det har byen blitt kraftig bombet. Opprørsgrupper kontrollerer deler av byen der om lag 250.000 mennesker er fanget.

VIDEO: Sjå dronevideo frå Aleppo.

Dei sivile kjem seg ingen veg, og det er stor mangel på mat og drikkevatn. Minst 200 menneske er drepne dei siste dagane, og mange fleire er såra. Samstundes er det berre 30 legar igjen i byen.

Dei siste meldingane frå den syriske storbyen tyder på at den syriske regjeringshæren har hatt ny framgang i kampen om byen. Det statlege fjernsynet melder at regjeringssoldatane har teke kontroll over bydelen Farafra, som ligg like ved det vidgjetne Citadellet i byen.

Vil knuse opprørarane

Bombekrater i Aleppo.

Enorme bombekrater vitnar om dei harde bombeangrepa mot Aleppo den siste veka.

Foto: Reuters

Regjeringsstyrkane seier at offensiven i Aleppo vil halde fram heilt til opprørarane er knuste. Dei hevdar no å vere på veg mot den historiske gamlebyen, som er ein av dei eldste i verda.

Her ligg blant anna Umayyad-moskeen, som står på verdsarvlista til Unesco.

Observatørgruppa SOHR, Syrian Observatory for Human Rights, som har base i London, stadfestar at regjeringsstyrkane har hatt militær framgang dei siste dagane

Det har vore harde kampar om Aleppo, den mest folkerike byen og den kommersielle hovudstaden i det borgarkrigs-herja landet, sidan opprørarane tok kontroll over fleire bydelar i den austlege delen av byen i 2012.

Harde angrep

Desse bydelane er no omringa av regjeringsstyrkane, og etter at den siste våpenkvila kollapsa har russiske og syriske fly gjennomført nokre av dei hardaste angrepa mot byen sidan borgarkrigen starta.

Det er likevel lite truleg at vi no ser ein avgjerande kamp om Aleppo. I helga tok regjeringsstyrkane kontroll over den nordlege bydelen Handarat, berre for å bli jaga ut igjen nokre timar seinare.

Regjeringsstyrkane skal ha fått hjelp frå militsgrupper i kampen mot opprørarane i byen, men det har også vore mobilisering blant opprørsgrupper. Alt tyder på ein langvarig stillingskrig inne i dei tronge gatene i byen.

Aleppo fotografert med drone.

VIDEO: Sjå dei enorme øydeleggingane

Delt by

Aleppo er ein delt by. Regjeringsstyrkane kontrollerer den vestlege delen av byen, medan opprørarar kontrollerer den austlege delen. Regjeringsstyrkane er støtta av iranske, irakiske og libanesiske militssoldatar.

Luftangrepa mot Aleppo den siste veka har vekt sterke internasjonale reaksjonar. Utanriksminister Børge Brende har kravd at regjeringsstyrkane sine fly no må setjast på bakken.

USA har skulda Russland, som også har delteke i bombeangrepa, for barbari , medan FN har sagt at bombinga av Aleppo grensar til krigsbrotsverk .