Hopp til innhold

Sjå dei første bileta av gutane inne på sjukehuset

Dei første bileta av dei berga thailandske gutane inne på sjukehuset er no publiserte. Sjå også Thai Navy Seal sin video av redningsaksjonen inne i grotta.

Skal være ved god helse, men noen av dem får behandling for lungebetennelse.

VIDEO: Sjå dei første bileta av gutane på sjukehuset

Dei 12 gutane i fotballklubben Wild Boars (Villsvina) og trenaren deira blir haldne isolerte inne på sjukehuset, men foreldra har visuell kontakt med dei gjennom ein glasvegg. Årsaka til isolasjonen er frykt for at dei kan ha fått smittsame sjukdomar inne i grotta.

Fleire av dei har fått lungebetennelse, men sjukehuset opplyser at ingen av dei er alvorleg sjuke.

Gutane fekk beroligande medisiner då dei vart henta ut av gruva, fortel ein av dykkarane. Kommandør Chaiyananta Peeranarong seier at nokre av dei sov, medan andre lea på fingrane under transporten. – Men alle pusta, forsikrar han.

Governør Narongsak Osotthanakorn.

Guvernør Narongsak Osottanakorn gav fleire detaljar om redningsaksjonen på ein pressekonferanse.

Foto: Ye Aung Thu / AFP

Gutane vart medisinerte for å hindre at dei skulle få panikk under transporten ut av Tham Luang Non-grotta i det nordlege Thailand.

Plasserte ut legar

Det var legar utplasserte langs den mørke grotta for å sjekke helsetilstanden og pulsen til gutane under den vanskelege ferda ut.

Thailandske styresmakter hadde henta inn erfarne dykkarar frå fleire land til aksjonen for å få ut dei 12 gutane på fotballaget og trenaren deira. Ein av dei var australske Richard «Harry» Harris.

I ettermiddag kom det fram at rundt halvparten av dei 13 utanlandske dykkarane som deltok i aksjonen, var britiske.

«Redningsaksjonen verden aldri glemmer» skriver Thai Navy Seals på Facebook.

VIDEO: Sjå dramatikken inne i grotta.

– Unike kunnskapar

Sjefen for redningsoperasjonen, Narongsak Osottanakorn, seier at operasjonen ikkje hadde vore mogleg utan hans unike kunnskapar .

Ein av dykkarane, 32 år gamle Derek Anderson, seier at gutane var utruleg tøffe.

– Det var svært viktig at trenaren og gutane heldt saman, at dei bestemte seg for å vere sterke og hadde vilje til å overleve, seier han til AP. Han legg til at redningsoperasjonen vart mykje meir komplisert enn dei hadde rekna med på førehand.

Han meiner at redningsoperasjonen vart gjort mogleg av at regnet ikkje var like intenst som ein frykta, og at det vart pumpa ut mykje vatn frå grotta.

Trente i symjebasseng

Anderson fortel at dykkarane trente på redninga i eit symjebasseng, og at dei trente med lokale gutar som hadde tilnærma lik vekt og storleik med gutane inne i grotta.

– Det var over 100 personar inne i grotta under kvar enkelt redningsaksjon. Kvar gut fekk hjelp av rundt ti personar. I tronge passasjar vart gutane førde av to dykkarar, men i dei trongaste passasjane var berre ein dykkar med, fortel Anderson.

Han legg til at dei måtte setje opp eit tausystem for å vere i stand til å sikre gutane, som vart frakta i ein sele. Dei hadde også masker, som var spesiallaga for å hindre skade under transporten.

Vannpumpe sviktet kort tid etter siste gutt var ute av grotta

Chilenske gruvearbeidere advarer de thailandske guttene om ikke å gjøre deres feil

SISTE NYTT

Siste nytt