Hopp til innhold

Sjå avskjedstalen til Bush

George W. Bush har tidlegare sagt han vil minnast som ein som "ikkje selde sjela for å ta omsyn til politiske prosessar". I natt held han avskjedstalen sin.

George W. Bush
Foto: POOL / REUTERS

Sjå avskjedstalen til Bush frå klokka 01:55 i natt.

Tidlegare denne veka heldt Bush den siste pressekonferansen sin som president. Han nytta høve til å takke for seg og ønskje Barack Obama lukke til.

Les: Åtte år med George W. Bush

Sjå bilete frå Bush sine åtte år som president

Sjå video: Bush' åtte år som president

- Stressande jobb

I eit intervju i fjor sa Bush at han ønskjer å minnast som ein øverstkommanderande som var trufast mot verdiane sine og "ikkje selde sjela for å ta omsyn til politiske prosessar".

Les: - Slik vil jeg bli husket

I det same intervjuet sa han at det har vore ei "utruleg erfaring å vere president", men at han ikkje kjem til å sakne det å vere i media heile tida.

- Dette er ein jobb som, du veit, openbert er ganske stressande; det er mykje press som følgjer med, sa han.

Like fullt held han denne veka fleire avskjedsintervju.

Klokka 01:55 i natt er det klart for den endelege avskjedstalen.

Video nsps_upload_2009_1_12_17_6_53_2158.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Se video fra Bush' siste pressekonferanse.