Hopp til innhold

Sjå "Kjelleren i Amstetten"

I kveld sender NRK dokumentaren om "skrekkens kjellar". Sjå den i NETT-TV allereie no.

Fritzl-saken i Østerrike
Foto: Scanpix/AFP

Ei ung kvinne blir dregen ned i ein spesialbygd kjellar, lenka til veggen og valdteken. Der blir ho verande i 24 år.

I eit mørkt rom nesten utan luft kjem sju born til verda. Korleis er det mogleg?

Josef Fritzl blir skildra som ein nesten perfekt forbrytar av den verste sorten.

Channel 4 prøver å svare på nokre av dei spørsmåla som saka reiser. Dokumentaren med norsk kommentar og tekst, kan du sjå her.

NETT-TV: Kjelleren i Amstetten

"Kjelleren i Amstetten" inneheld intervju med advokatar, legar, politiet, leigebuarar, skuleveninner, naboar og innbyggjarar i Amstetten.

Med animasjon blir du vist kor stor kjellaren var, medan kameraet blir ført frå rom til rom.

SISTE NYTT

Siste nytt