NRK Meny
Normal

Sivile ramma av nye luftangrep i Syria

Vesle Aya overlevde bombene som ramma heimbyen hennar i Homs-provinsen i Syria i dag, men to andre sivile vart drepne. Kravet aukar om at Den internasjonale straffedomstolen skal etterforske det som skjer i Syria.

Aktivister fra Talbisah nyhetsbyrå ved Homs hevder at denne jenta ble bragt inn på feltsykehuset med sår etter fly og granatangrep mot den den opprørskontrollerte byen Talbiseh.
Aya skal senere ha blitt gjenforenet med sin far.

VIDEO: Nye flyangrep mot Homs.

FN-sjef Ban Ki-moon ber igjen om at Tryggingsrådet går inn for at Den internasjonale straffedomstolen (ICC) skal etterforske krigsbrotsverk i Syria. I dag var det nye sivile tap i angrep mot opprørskontrollerte område i Homs.

Tidlegare forsøk i Tryggingsrådet på å bli samde om ein resolusjon som ber ICC setje i verk etterforsking av det som skjer i Syria, har vorte stansa av Russland og Kina. Dette skjedde sist for to år sidan, men då la Russland ned veto.

Skuldingar om krigsbrotsverk

No ber FNs generalsekretær Tryggingsrådet om å prøve igjen, men det er lite truleg at det vil lukkast. Russland står last og brast med det syriske regimet,

I dag tok også Frankrike til orde for at ICC skal etterforske om Russland og det syriske regimet har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk i Aleppo.

Laurdag la Russland ned veto mot ei fransk forslag til vedtak i Tryggingsrådet, der det vart kravd stans i dei massive bombeangrepa mot opprørskontrollerte område i byen.

Det har ikkje kome meldingar om nye angrep mot Aleppo i dag, men det er gjennomført flyangrep mot den opprørskontrollerte byen Talbiseh i Homs-provinsen. Syrian Observatory for Human Rights melder at to sivile er drepne i angrepa i dag.

I videoen over ser vi ei lita jente som vart såra i angrepet i dag. Ho verkar ikkje vere alvorleg såra, men er tydeleg i sjokk. Ho ropar på faren sin, som ho tydelegvis har kome bort frå.

Jenta skal ha fått kontakt med faren sin igjen seinare på dagen.

Syria vil trappe ned angrepene mot Aleppo

– Aust-Aleppo kan vere utsletta innan jul

– Angrep mot Homs og Hama

Eit nyheitsbyrå kontrollert av opprørarane, Talbisah, melder at det var fire angrep mot byen Talisje i Homs-provinsen i dag, og at det vart brukt både fly og artilleri.

Samstundes blir det meldt frå provinsen Hama i dag at opprørsstyrkar har jaga regjeringsstyrkane ut av to landsbyar, Maan og al-Kabairya, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). Regjeringsstyrkane tok kontroll over landsbyane i går.

SOHR melder også at opprørsstyrkar i Latakia-provinsen lenger nord gjennomførte eit kraftig angrep mot regjeringssoldatar.

FN: – Nødhjelpskolonnen ble utsatt for flyangrep

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt