NRK Meny
Normal

Sivile er i stor fare

Hjelpeorganisasjonane fryktar ei humanitær katastrofe i Mosul i Irak. Over ein million menneske er fanga i krysselden mellom IS og dei militære regjeringsstyrkane.

IRAQ-CONFLICT-DISPLACED

Ein irakisk gut som har flykta leikar ved ein checkpoint nordvest i Irak ved byen Kirkuk. Hjelpeorganisasjonane meiner dei sivile i Mosul er i stor fare.

Foto: RUAIRIDH VILLAR / Afp

– Vi fryktar det verste og svært bekymra for tryggleiken til dei sivile som er fanga inne i Mosul.

Norske Becky Bakr Abdulla jobbar som mediekoordinator for Flyktninghjelpen i Irak. Ho er i nærleiken av byen Erbil, ca 60 km søraust for Mosul der kampane no føregår.

Becky Bakr Abdulla
Foto: Flyktninghjelpen/Karl Schembri

Den fyrste veka kampane går føre seg anslår Flyktninghjelpen at kring 200.000 menneske vil legge på flukt.

– Vi prøver å fortelje styresmaktene at dei må hjelpe sivile med å flykte ut av byen. Når det er sagt står det att å sjå om dei sivile klarer å komme seg ut heilskinna, seier Abdulla.

Ho held fram:

– Vi såg i Fallujah tidlegare i år at det som skulle vere sikre ruter ut, viste seg å ikkje vere sikre nok. Mange døde på veg ut. Det er eit scenario vi ikkje kan sjå ein gong til. No er det avgjerande at partane sikrar trygge vegar ut, så sivile ikkje blir fanga i stridselden når dei prøver å flykte, fortel Abdulla.

Laster Twitter-innhold

Menneskelege skjold

Tidlegare i dag åtvara FN om tryggleiken til dei sivile som er fanga inne i Mosul. Fleire hjelpeorganisasjonar fryktar at IS skal bruke sivile i kampane.

– Vi veit at IS er brutale i krigshandlingane sine. Vi er veldig redde for at sivilbefolkinga skal bli brukt som mennesekelege skjold, seier Anne-Marie Helland, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne-Marie Helland er bekymret for de sivile i Mosul nå som angrepet mot selve byen er i gang.

Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland er svært uroleg for sivile som er fanga i krysselden i Mosul.

Også Abdulla i Flyktninghjelpen er uroa for bruk av menneskelege skjold, men seier det er vanskeleg å verifisere.

– Vi ikkje har tilgang til byen. Vi veit at IS brukar dette som krigsstrategi, men kva dei gjer her veit vi ikkje, for det er to år sidan sist vi var inne i byen.

Ho fortel at dei fleste av dei som er i naud oppheld seg i område hjelpeorganisasjonane ikkje har tilgang til.

MIDEAST-CRISIS/IRAQ-MOSUL

To irakiske born som har flykta med familien sin frå Mosul. No bur dei i flyktningleiren i Duhol.

Foto: ARI JALAL / Reuters

Stort behov for hjelp lenge før militæroffensiven starta

Oppladninga til militæroffensiven som starta i natt har gått føre seg i lang tid. Over 100.000 er allereie i flyktningleirar utanfor Mosul.

Mange born har mista livet under flukt frå områda utanfor Mosul, ifølgje Redd Barna. Nokon av dei er drepne av landminer, andre av tørst, opplyser organisasjonen i ei pressemelding.

Kampar aust for Mosul, Irak

Kampar pågår aust for Mosul i Irak.

Foto: AZAD LASHKARI / Reuters

– Dette kjem på toppen av ein allereie stor humanitør krise i Irak. 10 millionar menneske har akutt behov for naudhjelp. I tillegg har det kome 250.000 flyktningar frå nabolandet Syria i dei kurdiske områda i nord, seier Abdulla i Flyktninghjelpen.

No roper dei varsku og ber om internasjonal hjelp. Ifølgje Flyktninghjelpen har dei kun nok landområde til å hjelpe 60.000 menneske. Det humanitære samfunnet er ikkje nærleiken av å kunne hjelpe alle som treng hjelp.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt