Hopp til innhold

Jiroemon er den aller siste mannen som har levd på 1800-talet

Jiroemon Kimura (116) er den siste levande mannen som har opplevd 1800-talet.

Jiroemon Kimura

Jiroemon Kimura seier at nøkkelen til å oppnå høg alder er å ete små måltid.

Foto: Afp

Etter at 113 år gamle James Emmanuel Sisnet frå Barbados døydde på torsdag, er det no berre ein levande mann igjen i verda som har levd på 1800-talet.

Ifølgje amerikanske Gerontology Research Group, er det ti kvinner i live som vart fødd på 1800-talet, men ingen er så gamle som «superhundreåringen» frå Japan.

116 år gamle Jiroemon Kimura frå Japan er verdas eldste menneske i live, og den eldste mannen som nokon gong har levd, der det finst bevis i form av ein fødselsattest.

Like gammal som Goebbles

Dronning Victoria

Dronning Victoria herska over store delar av verda då Jiroemon Kimura vart fødd.

Foto: Wikimedia Commons

«Superhundreåringar» er personar som har opplevd å feire 110-årsdagen sin. Det er estimert å vere mellom 200 og 300 slike i verda i dag, men det finst berre sikre bevis på rundt 60 personar.

Kimura vart fødd 19. april 1897. Dermed deler han fødselsår med den norske forfattaren Tarjei Vesaas, statsminister Einar Gerhardsen og propagandaministeren til Adolf Hitler, Joseph Goebbles. I 1887 starta gullrushet i Klondike i Canada, og dronning Victoria regjerte Det britiske imperiet.

116-åringen har levd under fire japanske keisarar og 61 statsministrar. Han pensjonerte seg i 1962 då han var 65 år gammal. Han bur i ein forstad til Kyoto i Japan saman med enka til sonen, som er 83 år.

– Ikkje et deg stappmett

Kimura seier at løyndomen med å oppnå ein slik alder er å leve eit liv i moderasjon, unngå røyking og å slutte å ete når ein er 80 prosent mett.

– Eg veit ikkje heilt nøyaktig kva det er, men kanskje det er takka vere sola over meg. Eg tittar alltid opp mot himmelen, svarte 116-åringen då han vart verdas eldste peson..

Den eldste kvinna som nokon gong har levd er franske Jeanne Calment. Ho vart 122 år og 164 dagar då ho døydde i 1997.

115 år gamle Jiroemon Kimura fra Japan er verdens nåværende eldste person, og den tredje eldste noensinne.

SJÅ VIDEO: Jiroemon Kimura vart intervjua då han vart verdas eldste person i desember 2012.

SISTE NYTT

Siste nytt