Den israelske evakueringa av Gazastripa har gått fortare enn nokon hadde rekna med. Etter ein pause under sabbaten denne helga, vart tre busetjingar tømde for folk i går. No står berre Netzarim att, og fleire hundre soldatar står klare til å rykkje inn i busetjinga.
Israelske styresmakter reknar med at evakueringa skal vere ferdig i løpet av dagen.
Netzarim er truleg den mest forhatte av alle dei israelske busetjingane på Gazastripa. Palestinarane kallar busetjinga "eit bein i halsen" på dei, på grunn av alle vegsperrringane som har hindra dei i å reise fritt i området.
Netzarim ligg som ei isolert øy midt inne på Gazastripa, og for at busetjarane skulle reise fritt har det vore innført strenge restriksjonar på rørslefridomen til palestinarane i området.
Den israelske hæren seier dei ikkje ventar valdeleg motstand i Netzarin, der mange innbyggjarar og tilreisande aktivistar i morgontimane i dag samla seg i synagogen for ei siste bønnestund.
Motstanden mot evakueringa er tydeleg. På ein vegg kan ein lese følgjande: Kvar er Yigal Amir no? Yigal Amir er mannen som drap tidlegare statsminister Yitzhak Rabin, og skrfita på veggen er eit tydeleg teikn på at mange er bitre på statsminister Ariel Sharon.
Fokuset blir no meir og meir flytt over til Vestbreidda. I morgon skal israelske styrkar evakuere dei to busetjingane Sanur og Homesh nord på Vestbreidda.
I går fekk soldatane ein forsmak på kva som kan vente dei der i morgon. Eit militært køyrety vart sett i brann av israelske aktivistar, og ein soldat vart banka opp slik at han måtte behandlast på sjukehus.
Det går rykte om at rundt 2000 aktivistar frå andre busetjingar på Vestbreidda har samla seg i Sanur og Homesh, og at dei skal ha smugla med seg våpen. Om dette er tilfelle kan evakueringa av dei to busetjingane på Vestbreidda bli langt tøffare for soldatane enn tømminga av dei 21 utpostane på Gazastripa.
Trass i ein del episodar, har motstanden mot evakueringa frå Gazastripa i hovudsak vore passiv.
Trass i evakueringa heldt desse to fram med bygginga av eit nytt hus i Netzarim. (Foto: AFP/Scanpix)