Siste ebolapasient er friskmeldt i Liberia

I dag kunne Liberias siste ebolapasient spasere ut av sjukehuset. Liberia har ikkje hatt nye smittetilfelle på 13 dagar, men i Sierra Leone og Guinea har viruset framleis feste.

Beatrice Yardolo går ut av ebolasenter i Vest-Afrika

Beatrice Yardolo kunne i dag spasere ut av ebolasenteret utanfor Monrovia der ho var innlagt. Ho var den siste ebolapasienten på Liberias sjukehus. I nabolanda er det derimot store utfordringar.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

Det var full feiring då Beatrice Yardolo i dag vart utskriven frå det kinesiske ebolasenteret i utkanten av Liberias hovudstad Monrovia.

– I dag er eg veldig takknemleg til Gud og det kinesiske ebolasenteret, og alle dei liberiske sjukepleiarane som jobbar saman med dei. Eg visste ikkje om eg kom til å klare det, seier Yardolo etter to veker på sjukehus.

13 dagar utan ny smitte

Og ho er også ein av dei siste som er lagt inn på sjukehus i Liberia på grunn av ebola.

– Me har no gått 13 dagar utan nye tilfelle av ebola. Dette er ein stor dag for Liberia, seier visehelseminister Tolbert Nyenswah til nyheitsbyrået AFP.

Leger uten grenser, behandlingssenter i Conakry

Dette ebolasenteret til Legar utan grenser i Conakry i Guinea er eit av mange senter som er sett opp for å stoppe epidemien i dei tre vestafrikanske landa.

Foto: STAFF / Reuters

Nærast 24.000 personar har blitt smitta av viruset, og nærast alle har vore busett i dei tre nabolanda Liberia, Sierra Leone og Guinea. 9.807 av dei smitta har døydd, og av desse høyrde 4.117 heime i Liberia. Det viser tal frå Verdas Helseorganisasjon (WHO).

Framleis smittefare i Sierra Leone og Guinea

Ebolaepidemien har vore ei enorm utfordring for dei tre landa. Og den er framleis ikkje over, særskild ikkje i Sierra Leone og Guinea, der 132 nye personar har blitt smitta den siste veka. Smittetilfella er i stor grad avgrensa til enkelte område der eit utbrot fort spreiar seg til fleire.

WHO åtvarar om at sjansane for å bli smitta av ebola framleis er til stades i alle dei tre landa. Mange døyr også av ebola utan å ha vore innom eit behandlingssenter, og det er difor vanskeleg for helsestyresmaktene å ha kontroll på epidemien.

Dei tre landa har pøst inn mykje pengar i forsøk på å stoppe smitta, og samfunnet har nærast stoppa i fleire månader i dei råka landa. Det har også blitt brukt mykje ressursar på å finne ein vaksine mot epidemien. Og det arbeidet held fram, seier WHO i dag.

– Om me finn ein effektiv vaksine, så vil det vere historias første førebyggjande middel som me har mot ebola, seier WHO-sjef Margaret Chan i ei pressemelding.

SISTE NYTT

Siste nytt