Hopp til innhold

Siste dag i presidentvalet i Egypt

Dag éin av presidentvalet i Egypt gjekk stort sett roleg for seg. I dag skal fyrste av moglegvis to rundar avgjerast, og køane var lange i morgontimane i dag òg.

Egyptarar ventar på å få stemme

STÅR I KØ: Mange møtte opp utanfor stemmelokala i dag morges. Fyrste runde i det egyptiske presidentvalet vert avgjort i dag.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Egyptarar går til val

SISTE VALDAG: Egyptarane går i dag til val i andre etappe av fyrste runde i presidentvalet.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

– Eg var her i går, men det var så mykje folk her. Så eg valde å gje mi stemme i dag heller, seier Khaled Abdou til Reuters.

Han understrekar kor viktig det er for han å delta i dette valet. Demokrati og stabilitet er det den 25 år gamle ingeniøren ynskjer.

Og Egypt såg for det meste stabilitet gjennom gårsdagens fyrste etappe av presidentvalet. Unntaket var eit åtak på den eine av presidentkandidatane, Ahmed Shafiq. Mubaraks siste statsminister fekk ein stein kasta etter seg.

Tidlegare på dagen vart det òg rapportert om eit drap på ein politimann, men innanriksdepartementet seier dette ikkje hadde noko med valet å gjere.

Stort oppmøte til støtte for Ahmad Shafiq

Den gamle Mubarak-allierte kandidaten var venta å få eit vanskeleg val. Hans historie var spådd å få meir å seie enn til dømes populære Amr Moussa, som òg har vore minister under Hosni Mubarak.

(Artikkelen held fram under artikkelen.)

Presidentkandidat Ahmed Shafiq i valkø

PRESIDENTKANDIDATEN I KØ: Ahmed Shafiq stiller som kandidat i valet, og profilerer seg som sekulær og tilhengjar av sekularisme.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Likevel var det mange som kom for å stemme på Shafiq i går.

– Eg trur ein hovudtrend er at Ahmed Shafiq gjer det overraskande bra. Mange eg har snakka med seier dei vil stemme på han, seier NRK-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen frå Kairo.

Av dei 13 presidentkandidatane, står framleis dei to kandidatane frå Mubarak-tida, Shafiq og Moussa, og dei to islamistiske kandidatane, Mohamed Mursi og Abdel Moneim Aboul Fotouh, som favorittar. Ein underdog kan òg vere venstreradikale Hamdeen Sabahi.

– Han pratar om arven frå Nasser-perioden, og har gjort det bra. Mange kan tenkast å stemme på han, seier Falkenberg Mikkelsen.

Det er venta at ingen vil få meir enn 50 prosent av stemmene i denne valrunden. Dermed vil me få ein ny runde i midten av juni mellom dei to kandidatane som får flest stemmer i dag og i går. Resultata vil tidlegast vere klare på laurdag.

SISTE NYTT

Siste nytt