Ifølgje Ekstra Bladet raste teltet medan det var elefantar i manesjen. Det skal ha vore eit vindkast som tok tak i teltet og reiv det ned.
Det blei først meldt at ein person var kritisk skadd, men politiet opplyste seinare at det ikkje er korrekt. Dei ni har berre fått lettare skadar og er frakta til sjukehus i nærleiken.
Opptil 500 i teltet
Det var mellom 300 og 500 menneske i teltet, mellom dei fleire pensjonistar, då teltet fall saman. Ei kvinne som rakk å springa ut av teltet. varsla politiet, som slo storalarm og sende alt disponibelt mannskapet til plassen. Fleire ambulansar blei også straks sendt sende til staden, som ligg heilt vest på Sjælland.
Politiet gjennomsøkte det samanraste teltet og alle gjestene og personalet som ikkje var komne til skade, blei samla i bussar. Det blei også oppretta eit pårørandesenter på eit fritidssenter i nærleiken.
Psykologisk debriefing
– Dei skal også få høve til å få ei psykologisk debrifing, seier Martin Bjerregaard ved Midt- og Vestsjællands politi.
– Vi har tilkalla arbeidstilsynet og polititeknikarar, som skal undersøkja korleis ulykka kunne skje, legg han til.
Kva som har skjedd med elefantane, var seint fredag ettermiddag framleis ikkje kjent.
Sirkuset høyrer til Circus Arena. Det var ikkje det største teltet til sirkuset som raste saman, men eit mindre festivaltelt som var leigd ut til eit firmaarrangement.