Hopp til innhold

Berlusconi framleis på sjukehus - rettssaka utsett til onsdag

Sirkuset rundt Silvio Berlusconi held fram for fullt i Italia. Med hovudpersonen på sjukehus er Rubygate-rettssaka utsett i nye to dagar.

Partileiar Angelino Alfano i Fridomspartiet.

Partileiar Angelino Alfano i Fridomspartiet langar ut mot det han kallar ein politisk prosess mot Berlusconi.

Foto: Antonio Calanni / Ap

Fleire titals parlamentsrepresentantar frå partiet til Berlusconi, Fridomspartiet, heldt ein støttedemonstrasjon for den sjukmelde eks-statsministeren utanfor rettslokalet i Milano i dag. Partileiaren Angelino Alfano langa ut mot det han kalla «ein politisk prosess» mot Berlusconi.

Silvio Berlusconi har problem med eit auge.

Silvio Berlusconi er innlagt på sjukehus med augeinfeksjon.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Det var både støttedemonstrasjonar og motdemonstrasjonar utanfor domstolen, medan hovudpersonen sjølv er innlagd på San Raffaele-sjukehuset i byen.

Augeinfeksjon og høgt blodtrykk

Han vart innlagt på sjukehus fredag, same dagen som rettssaka mot han starta, med diagnosen augeinfeksjon. I dag sa legane at han også lir av høgt blodtrykk.

Aktoratet i saka der Berlusconi er tiltalt for å ha kjøpt sex av ei 17 år gammal jente, meiner at eks-statsministeren berre prøver å kjøpe seg tid. Men etter at tre legar hadde undersøkt Berlusconi i dag, blant dei ein velrenommert augelege, er rettssaka førebels utsett til onsdag.

Video fra pro-Berlusconi-demonstrasjon i Milano.

VIDEO: Song nasjonalsongen til støtte for Berlusconi.

Støttespelarane til den 76 år gamle Silvio Berlusconi skuldar både aktoratet og dommarane for å drive ein politisk hetskampanje mot han. Dette fekk leiaren for den italienske dommarforeininga til å reagere.

LES OGSÅ: Berlusconi dømt til fengsel

LES OGSÅ: Italia kan få nyvalg om få måneder

– Ikkje politisk motiverte

– Dommarstanden er ikkje politisk, det vi gjer er ikkje politisk og heller ikkje måla våre er politiske, sa han til fjernsynsstasjonen SkyTG24 tidlegare i dag.

Karima El Mahroug

Karima El Mahorug, med kunstnarnamnet 'Ruby hjartetjuven', var med på fleire av festane til Berlusconi.

Foto: Ronald Zak / Ap

Saka som no har blitt utsett igjen har blitt kalla Rubygate, etter den då 17 år gamle nattklubbdansaren med scenenamnet «Ruby hjartetjuven». Ho heiter eigentleg Karima El Mahroug, og påtalemakta meiner at Berlusconi har kjøpt sex av henne.

Prostitusjon er ikkje ulovleg i Italia, men det er forbode å kjøpe seksuelle tenester av personar under 18 år. Berlusconi nektar for å ha kjøpt sex av henne, og har gjort det klart at han på ingen måte treng å måtte betale for sex.

Han seier at dette er ei sak som er sett i verk av venstrevridde dommarar med eitt mål for auget, å stanse den politiske karrieren hans.

LES OGSÅ: Berlusconi dømt til fengsel

LES OGSÅ: Italia kan få nyvalg om få måneder

Alvorleg politisk krise

Dette skjer samstundes med at Italia er inne i ei av sine verste politiske kriser på mange år. Sentrum/høgre-alliansen til Berlusconi har den nest største partigruppa i det nyvalde parlamentet, medan ein sentrum/venstre-allianse har flest plassar.

Nesten like stor er den nye Femstjernealliansen, leidd av den karismatiske komikaren og bloggaren Beppe Grillo. Han har gjort det klart at han ikkje vil samarbeide med nokon av dei to partia.

Leiaren for sentrum/venstre-alliansen, Pier Luigi Bersano, har sagt at det ikkje er aktuelt å danne ei regjering saman med Berlusconi-blokka. Bersano har tilbode samarbeid med Femstjernealliansen, men dei vil ikkje samarbeide med han. Samstundes har Femstjernealliansen sagt at dei gjerne vil danne regjering.

Utgangen på denne krisa kan bli endå eit nyval i Italia.

Beppe Grillo på talarstolen i Roma.

Den karismatiske leiaren for Femstjernealliansen, Beppe Grillo.

Foto: STEFANO RELLANDINI / Reuters

LES OGSÅ: - Anti-politikaren Beppe Grillo kan bli ein farleg politikar

LES OGSÅ: Ventar italiensk opprør også her i landet

LES OGSÅ: Italiensk kaos

LES OGSÅ: – Ingen storkoalisjon i Italia

LES OGSÅ: Tysk politiker: Grillo og Berlusconi er klovner

.

SISTE NYTT

Siste nytt