Hopp til innhold

Singapore vil gjere homofili lovleg

Singapore vil avkriminalisere sex mellom menn, men har ingen planar om å tillate ekteskap. Det tar tid, seier leiaren i Fri.

To kvinner under Pink Dot arrangementet i Singapore i juni for å vise solidaritetet med LGBTQ.

AVKRIMINALISERE: Singapore vil avkriminalisere lova som blir sett på som eit forbod mot homofili. Her står to kvinner på eit pride-arrangement i Hong Lim Park i juni.

Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP

– Eg trur dette er den rette tingen å gjere, og noko som dei fleste i Singapore vil akseptere.

Det seier statsminister Lee Hsien Loong søndag

Regjeringa vil no oppheve paragraf 377A i straffelova.

Det er ei lov frå då Singapore var ein britisk koloni, og som kriminaliserer sex mellom menn. Den inkludera ikkje sex mellom kvinner eller andre kjønn, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Lova har blitt sett på som eit forbod mot homofili.

Om ein vart dømd som mann for å ha sex med ein av same kjønn, kunne ein bli straffa i opptil to år. Ingen har likevel blitt dømd for dette dei siste tiåra, skriv nyheitsbyrået.

Loong sa at homofili no er betre akseptert, og å skrote 377A vil samsvare med dei gjeldande sosiale skikkane, skriv BBC.

– Eg håpar det vil vere ein lette for homofile singaporarar, seier han.

Supportere deltar på det årlige "Pink Dot"-arrangementet i et offentlig show for støtte til LHBT-samfunnet i Hong Lim Park i Singapore.

Protestar og politiske samlingar er strengt regulert i Singapore, men kvart år held LGBTQ-aktivistar eit arrangement kjent som Pink Dot som trekkjer titusenvis av deltakarar.

Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP

Det er ikkje bestemt kor tid lova blir oppheva, ifølgje Reuters.

– Ekteskapet er mellom ei kvinne og ein mann

Sjølv om bystaten no vil avkriminalisere homoseksualitet, understrekar Loong at ekteskapet er mellom kvinne og mann.

– Vi meiner at ekteskapet bør vere mellom ein mann og ei kvinne, og at barn skal bli oppdregne innanfor slike familiar. Den tradisjonelle familien skal utgjere

Statsministeren i Singapore Lee Hsien Loong står i mørk dress framfor en rød bakgrunn og snakker i en mikrofon.

Statsministeren i Singapore Lee Hsien Loong seier at det er motstand blant religiøse grupper mot å oppheve lova.

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

den grunnleggande byggesteinen i samfunnet, sa Loong.

Singapore har ingen planar om å endre den juridiske definisjonen på ekteskap, skriv Reuters.

– Det tar tid

– Det er gode nyheiter at Singapore vil avkriminalisere homoseksualitet, seier leiar i Fri Inge Alexander Gjestvang.

Han drar parallellar til Noreg og seier at sjølv om homoseksualitet vart avkriminalisert i Noreg i 1972, tok det framleis mange år før vi fekk partnarskapslova i 1993, felles ekteskapslov i 2009, og moglegheita til vigsel i kyrkja i 2017.

– Dette viser at det kan ta tid etter avkriminalisering før juridiske rammer og anerkjenning av homofile samliv og ekteskap er på plass, men Singapore har no teke eit stort steg i rett retning, seier Gjestvang.

Inge Alexander Gjestvang, leder for Foreningen Fri. 
Beskrivelse: Inge står utendørs i Oslo. Han smiler til kameraet. Bildet viser ham fra skuldrene og opp. Han har på mørk blå jakke, har mørkt skjegg og lyst hår.

Leiar for foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald Fri Inge Alexander Gjestvang.

Foto: Foreininga FRI

Stoda i resten av Asia

Singapore er ikkje den einaste av dei tidlegare britiske koloniane som har ein versjon av paragraf 377, skriv BBC.

Den vart innført av den britiske regjeringa i India på 1800-talet, og gjorde det forbode å ha samleie «mot naturens orden med menn, kvinner eller dyr», ifølgje den britiske nyheitskanalen.

Ein mann går i pride-paraden med fargerike vipper i Chennai i India i juni.

India avkriminaliserte homoseksualitet i 2018, og her går ein mann i pride-paraden i Chennai i juni.

Foto: ARUN SANKAR / AFP

India avskaffa lova i 2018, noko som tente eit håp i aktivistar om at andre tidlegare koloniar ville følgje etter.

Det skjedde ikkje.

Den gamle kolonilova eksisterer framleis i fleire land i Asia, som Bangladesh, Pakistan, Sri-Lanka, Myanmar og Malaysia, fortel Gjestvang i Fri.

I andre delar av Asia som ikkje var britiske koloniar, er seksualitet mellom to av same kjønn lovleg. Det er land som Thailand, Vietnam, Kambodsja, Japan, Kina og Sør-Korea.

– Taiwan har innført felles ekteskapslov, og vi håpar at fleire land vil følgje etter, seier han.

Les også Kinas ambassadør om Taiwan: – Setter pris på støtten fra den norske regjeringen

Kinas Ambassadør i Norge Yi Xianliang snakker til NRKs reporter i Oslo etter Kinas store militærøvelser rundt Taiwan.

SISTE NYTT

Siste nytt