Hopp til innhold

Tyrkisk by i ruinar etter harde kampar

Etter 36 dagar er portforbodet i den tyrkiske byen Silopi delvis oppheva. Harde kampar mellom regjeringsstyrkar og militante kurdarar har resultert i ein by i ruinar.

Store øydeleggingar i Silopi
Foto: ILYAS AKENGIN / Afp

Kampane starta 14. desember i fjor, då fleire tusen regjeringssoldatar gjekk til angrep på byen Silopi, for å slå ned på militante kurdarar frå PKK.

Byen med rundt 80.000 innbyggjarar ligg i den kurdisk-dominerte Sinak-provinsen søraust i Tyrkia.

Byen har vore lukka for presse, men i går fekk dei første journalistane sleppe inn i Silopi, skriv nyheitsbyrået AFP. Bileta frå byen vitnar om dei harde kampane som har pågått dei siste vekene. Samanstøta gjorde byen om til ei krigssone, og folk måtte halde seg inne.

Saka held fram etter videoen.

Store ødeleggelser i Silopi

36 dagar med portforbod

– Vi fekk ikkje ein gong tak i vatn. Lyden av rakettar og bomber skremte oss, seier Mehmet Simsek, som heldt seg inne i 14 dagar.

– Vi har ti barn og vi dekte øyra deira med bomull i frykt for at dei skulle bli skadde.

Portforbodet i byen Silopi varte i 36 dagar, medan det var harde kampar mellom tyrkiske spesialstyrkar og militante kurdarar.

Regjeringsstyrkane brukte stridsvogner og tung artilleri som svar på rakettar og improviserte bomber frå dei militante kurdarane.

Den tyrkiske regjeringa sa operasjonen var nødvendig for å fjerne militante kurdarar som hadde overtatt makta i byen.

Kurdiske aktivistar skulda på si side den tyrkiske hæren for å gå brutalt fram, og for å legge store delar av byen i ruinar.

Totalskadde hus

– Eg veit ikkje kven som har angripe oss, seier Sariye Mutlu.

Huset til familien hennar er totalskadd etter at det truleg har blitt treft av ein rakett eller bombe. Deira einaste ku, som har vore ei viktig kjelde til mat, er drepen i angrepa.

Ifølgje regjeringshæren har 136 militante kurdarar blitt drepne i Silopi sidan midten av desember. Regjeringsstyrkar har òg angripe byane Cizre og Diyarbakir, og det kurdiske partiet HDP seier at minst 70 sivile er drepne i kampane.

Portforbodet i Silopi gjeld framleis mellom klokka 18.00 og 05.00 lokal tid.

SISTE NYTT

Siste nytt