Den unge mannen skreiv på ei internettside i midten av november i fjor at ein skule i Villmanstrand skulle lide sama lagnaden som Jokela-skulen.
Han er no sikta og risikerer eitt års fengsel, skriv avisa Helsingin Sanomat.
Det er fyrste gongen nokon er sikta for dei falske skuletrugsmåla i Finland etter drapa i Jokela som fann stad for to månader sidan.
I alt ni personar vart drepne då ein 18-åring byrja å skyta medelevar og tilsette ved Jokela vidaregåande skule i byrjinga av november.
I tida etter kom det ei rad falske trugmål mot andre skuler både i Finland, Sverige og Noreg.