NRK Meny
Normal

Her skriv Obama historie

Ein stolt president Barack Obama kunne i dag skrive under på helsereformen han hadde lagt mykje politisk prestisje i å få gjennom.

Video Obama signerte helsereformen

Obama signerte helsereformen like før klokka fem i dag.

Vicki Kennedy og Barack Obama

President Obama gir enka til avdøde senator Ted Kennedy ein klem etter å ha signert den historiske loven.

Foto: J. Scott Applewhite / Scanpix/AP

– Vi er ferdige, sa Obama etter å ha signert helsereformen med 20 ulike pennar.

Dermed er lova som sikrar 32 millionar amerikanarar helseforsikring godkjent.

– Tusen takk til alle. Og Gud velsigne Amerika, sa Obama før han reiste seg og gratulerte dei som stod rundt han.

Les: Dette er Obamas helsereform

Les også: Brukar aldri same penn to gonger

Eit år med diskusjon

– I dag, etter nesten eit århundre med forsøk, i dag, etter meir enn eitt år med diskusjonar, i dag, etter at alle stemmer er talde, blir helsereformen ei lov i amerika, sa USA-president Barack Obama før signeringa.

– All oppheta retorikk blir overskygga av reformen når han er signert. Sjølv om Senatet skal godkjenne dei siste endringane, er eg sikker på at dei vil gjere dette raskt.

Les også: Massiv demonstrasjon mot Obamas helsereform

Les også: Kan stanse helsereformen

– Venta på lenge

– Reformen eg signerer vil sette fart i reformar som generasjonar av amerikanarar har gått i tog for og venta på lenge.

– Det vil ta fire år før mange av reformane er ferdig innførte. Men mange vil starte å gjelde frå no av. Allereie i år vil fleire titals tusen amerikanarar kunne kjøpe den forsikringa dei treng.

Les også: Spørsmål og svar om helsereformen

– Utruleg glad

David Axelrod, som er ein av dei næraste rådgjevarane til Obama, seier presidenten er utruleg glad.

– Utanom familiære ting, har eg aldri sett han så glad nokon gong. Sjølv ikkje på valnatta under presidentvalet var han så begeistra som då Representantenes hus fekk reformen gjennom, sa Axelrod til CNN før signeringa.

Med lova skjer den største endringa i det amerikanske helsesystemet sidan Lyndon B. Johnson revolusjonerte det på 1960-talet.

Ny runde i Senatet

Slag nummer to startar i senatet no. Der har repulikanarane lova å stikke kjeppar i hjula så godt dei kan.

Det er desse endringane Senatet skal stemme over. For å hindre "filibustrer" (ein kjend uthalingstaktikk, journ. merknad) må Demokratane ha eit fleirtal på 60 mot 40 stemmer. Det mista dei i januar.

Les: Obamas sviende nederlag

Klar om ei veke?

Men ved å bruke "Reconciliation", kortar ein ned prosedyren. Det skjer ved at sakene blir behandla i komiteane først, og seinare ført opp for behandling i Senatet. Der blir det sett av 20 timar til samla behandlingstid før ein går til avstemming.

Dei mest optimistiske trur likevel det vil ta minst ei veke før reformen med endringar er godkjent.

– Senatet er komplisert, og det har heller ikkje den nødvendige disiplinen som Representantens hus har, seier jusprofessor Tim McBride ved Washington University i Missouri til CNN.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt