Hopp til innhold

Sidsel Wold: – Diana endra livet mitt

– Det at prinsesse Diana var open om eigne spiseforstyrringar, var med på å fjerne skamma og tabuet rundt slike lidingar. Og det endra livet mitt, seier NRK-journalist Sidsel Wold.

Prinsesse Diana jobbet mye for de svake gruppene i samfunnet, blant andre de med spiseforstyrrelser.

I vekene etter at det blei kjent at prinsesse Diana miste livet i ei bilulukke, strøymde folk til Kensington Palace for å legge ned blomster og sørge. Ein av dei var utanriksmedarbeidar her i NRK, Sidsel Wold.

– Diana betydde mykje for meg. Ho stod opp for blant andre dei hiv-sjuke, heimlause og dei som hadde spiseforstyrringar, som eg var ein av.

Skam og einsemd

Tidleg på 90-talet kom det fram at Diana hadde hatt bulimi. Dette førte til eit auka fokus på sjukdommen.

– På den tida var ikkje spiseforstyrringar eit tema mange snakka om. Mange lever i skam og einsemd med sjukdommen. Men det at ei av dei mest glamorøse kvinnene i verda fortalde om sine lidingar, hadde mykje å seie. Og det endra livet mitt dramatisk, seier Wold.

Blomsterhav

Mange la ned blomster utanfor Kensington Palace i vekene etter at prinsesse Diana døydde.

Foto: Bebeto Matthews / AP

– Gir ein effekt

Det at Diana og andre kjende personar har stått fram med etelidingar, er veldig viktig for arbeidet med slike lidingar, seier dagleg leiar i Spiseforstyrrelsesforeningen, Elin Olsen.

– Det at Diana stod fram med sine lidingar gav ein effekt. Og det ser vi også når andre kjende personar står fram. Då er det lettare for folk å snakke om eigen sjukdom, og søke hjelp.

Princess Diana

Prinsesse Diana var oppteken av å gi svake grupper, som mineoffer, ei stemme. I 1992 fortalde ho i ei bok at ho hadde hatt bulimi. Det gjorde det lettare å snakka om eteforstyrringar.

Foto: Joao Silva / AP

Men effekten går ofte over etter ei tid, og framleis er det mykje skam knytt til bulimi og andre etelidingar, seier Olsen.

– Mange trur at dette er typiske tenåringsproblem. Men mange vaksne har også etelidingar, og desse kjenner ofte skam over å ha eit slikt problem.

Blomsterhav

For Sidsel Wold var det viktig å reise til London for å takke og heidre Diana. Men då ho sette seg på flyet, var det mange som syntest det var rart.

– Det var mange som lo av meg. Men for meg var det veldig viktig å gjere det, for ho betydde så mykje for meg.

Utanfor Kensington Palace blei ho møtt av eit enormt hav av blomster.

– Eg har aldri sett så mykje blomster nokon gong. Det dekka sikkert fleire fotballbaner. Eg kunne nesten ikkje sjå porten til Kensington Palace frå der eg stod.

Britain Princess Diana Timeline

Eit oversiktsbilde utanfor Kensington Palace i 1997 viser kor mange blomster som blei lagt ned for å minnast prinsesse Diana.

Foto: Adrian Dennis / AP

Og Wold hugsar også at alt var veldig stille medan ho var der.

– Det var ingen som snakka saman. Alle sørga kvar for seg, og tenkte på kva Diana hadde hatt å seie for den enkelte. For meg var det viktig å kome dit for å legge ned blomster og skrive i kondolanseprotokollen for å takke eit menneske som hadde betydd så mykje i livet mitt.

Bilete frå livet til Diana

SISTE NYTT

Siste nytt