Hopp til innhold

Sicilias guvernør mafia-mistenkt

Den italienske påtalemakta har starta etterforsking av skuldingar om at den sicilianske guvernøren, Raffaele Lombardo, har kontakt med mafiaen.

Raffaele Rlombardo (t.v.) saman med Silvio Berlusconi under valkampen i 2008.

Raffaele Rlombardo (t.v.) saman med Silvio Berlusconi under valkampen i 2008.

Foto: Antonio Parrinello / Scanpix/Reuters

Lombardo, som vart vald til guvernør for den autonome italienske provinsen Sicilia i 2008, er skulda for å ha nær kontakt med Vincenzo Aiello, leiar for mafiaen i den sicilianske byen Catania. Mistanken er at Aiello finansierte valkampen til Raffaele Lombardo, melder nyheitsbyrået AFP.

Broren Angelo Lombardo, som er representant for Sicilia i det italienske parlamentet, er også under etterforsking for liknande skuldingar. Fleire borgarmeistrar og andre lokale politikarar på Sicilia blir også etterforska å vere i lomma på mafiaen.

LES OGSÅ: Nettet snører seg rundt gudfaren

LES OGSÅ: Storaksjon mot mafiaen på Sicilia

- Desse skuldingane er grunnlause. Eg kjenner ikkje Aiello, eg veit ikkje ein gong kven han er. Eg kan berre gjenta at eg aldri har samrbeidd med mafiaen, seier Raffaele Lombardo til det italienske nyheitsbyrået ANSA .

Etterforskinga av Lombardo kjem etter politiet har samla bevismateriale i ein rapport på 3000 sider, baserte på avlytta telefonsamtalar mellom Aiello og fleire politikarar. Aiello vart arrestert 8. oktober i fjor.

I januar i år vart forgjengaren til Lombardo som siciliansk president, Salvatore Cuffaro, dømd til sju års fengsel for å ha samarbeidd med mafiaen. Den sicilianske mafiaen går under namnet Cosa Nostra.

Raffaele Lombardo tilhøyrer partiet MPA, eit parti som arbeider for større sjølvstyre for Sicilia og andre søritalienske regionar. Partiet vart danna i 2005.

LES OGSÅ: Berlusconi: Mafiaens nestleder tatt

LES OGSÅ: Mafia-varp på Sicilia

LES OGSÅ: Mafiaboss på rømmen i 15 år

LES OGSÅ: Sorg og sinne på Sicilia