NRP, Det nasjonalreligiøse partiet, høyrer heime langt ute på høgresida i israelsk politikk. Partiet har sterk støtte blant dei rundt 200.000 jødiske busetjarane på Gazastripa og på Vestbreidda. Partiet har ein klar religiøs profil, og er motstandar av ein fredsavtale med palestinarane.
Tommy Lapid og hans Shinui-parti blir med i den israelske regjeringa. (Reuters-foto)
Partiet vil blant anna få statsråden i Departementet for bustadbygging, som har ansvaret for busetjingane.
TV-kjendis
Shinui, som blir leidd av tv-kjendisen Tommy Lapid, har på si side ein klar sekulær profil. Partiet gjekk til val på å redusere privilegia dei ultraortodokse har i det israelske samfunnet, og var det partiet som hadde størst framgang ved valet på ny nasjonalforsamling 29. januar.
Ariel Sharon har no sikra seg eit fleirtal på ein representant i nasjonalforsamlinga Knesset.
Shinui-partiet vil få fem postar i den nye regjeringa, Justisdepartementet, Innanriksdepartementet, Departementet for nasjonal infrastruktur, Miljøverndepartementet og Departementet for teknologi og vitskap. Tommy Lapid blir også ny visestatsminister.
Fredsavtale
Ein talsmann for partiet seier at den nye regjeringa vil engasjere seg sterkt i arbeidet for å få til ein fredsavtale med palestinarane. Han vedgår at det ikkje står noko om etablering av ein sjølvstendig palestinsk stat i regjeringserklæringa, men at Israel står fast på sine internasjonale forpliktingar. Dette gjeld også Oslo-avtalen frå 1993, sa talsmannen.
Sharon hadde som mål å få til ei brei samlingsregjering med Likud, Arbeidarpartiet og Shinui, men forhandlingane med Arbeidarpartiet braut saman før helga. Leiaren for Arbeidarpartiet, Amram Mitzna, seier at det ikkje var aktuelt med meir forhandlingar så lenge Sharon har godteke eit krav frå NRP om at busetjingane på Gazastripa og på Vestbreidda skal utvidast i takt med veksten i folketalet.
Intern kritikk
Avgjerda til Mitzna om å avslutte forhandlingane med Ariel Sharon om regjeringssamarbeid har møtt til dels sterk kritikk internt i Arbeidarpartiet. Fleire høgt oppe i Arbeidarpartiet har kritisert Mitzna for å ha vore amatørmessig og uerfaren i samtalane med Sharon.
Tidlegare forsvarsminister Benjamin Ben Eliezer, og Mitznas viktigaste motstandar i partileiar-kampen, gav i dag Mitzna skulda for "det mest nedverdigande valnederlaget i det israelske Arbeidarpartiet si historie". Ben Eliezer er ikkje tvil om at det faktut av Amram Mitza under valkampen kategorisk avviste regjerignssamarbeid med Likud.
- Vi kan ikkje teie om dette lenger. Det kosta oss fem plassar i Knesset, sa Ben Eliezer til israelsk radio i føremiddag. Dette ført raskt til rykte om eit internt opprør i Arbeidarpartiet.