Hopp til innhold

Sheeran har fått korona: – Beklagar til alle eg har svikta

Ed Sheeran har testa positivt for korona og har avlyst ei rekkje intervju og konsertar.

Ed Sheeran

SMITTA: Ed Sheeran var nyleg i Stockholm og har dagane fulle i samband med nytt album. No må han ta ein pause.

Foto: Yui Mok / AFP

På Instagram skriv Sheeran at han har testa positivt for covid-19.

– Eg isolerer meg no og følgjer styresmaktene sine retningslinjer. Det betyr no at eg no ikkje klarer å forplikte meg til noko nett no, skriv Sheeran.

Han skriv vidare at han kjem til å gjere så mange av sine planlagde intervju og konsertar som mogleg heime frå huset sitt.

– Beklagar til alle eg har svikta. Ver trygge alle saman, skriv artisten.

På Instagram strøymer det inn med god-betring-helsingar til den populære briten.

Ed Sheeran fortel på Instagram at han har fått korona.

INSTAGRAM: Meldinga Ed Sheeran la ut søndag kveld.

Foto: @teddysphotos / Instagram

Sheeran skal etter planen lansere sitt nye album 29. oktober, det er førebels uvisst om sjukdomen vil få noko å seie for den storhendinga.

Den første låten frå det ny albumet, «Shivers», blei sleppt 9. september og ligg framleis inne på topp 10-lista til Spotify.

Den er hittil spelt av om lag 164 millionar gongar på strøymetenesta. Den mest spelte låten til Ed Sheeran er framleis «Shape of you» med heile 2,9 milliardar avspelingar.

Ed Sheeran er aktuell i Noreg no i samband med TV-aksjonen. Han har donert ein signert gitar og signert LP-plate.

På albumet har han signert med sine eigne songtekstar.

SISTE NYTT

Siste nytt