Dårleg karma utløyste jordskjelv?

Skodespelaren Sharon Stone har hausta storm i Kina etter at ho ymta om at jordskjelvet 12. mai skuldast at Kina har behandla tibetanarane dårleg.

Sharon Stone sine fråsegner om jordskjelvet i Kina har vekt sterke reaksjonar.

Sharon Stone sine fråsegner om jordskjelvet i Kina har vekt sterke reaksjonar.

Foto: Matt Sayles / AP

Kilde: NRK-AFP-YouTube

Det var under Den internasjonale filmfestivalen i Cannes sist veke at Sharon Stone sa dette i eit intervju. Klippet hamna kjapt ut på YouTube, og det har vorte ei stor sak i Kina.

I klippet på YouTube seier Stone, som i 2006 var programleiar for den store Nobelkonserten i Oslo, at Kina ikkje har behandla Tibet bra, og at ho ingen bør behandle andre på den måten.

Sharon Stone fotografert i Cannes i mai 2008.

Sharon Stone fotografert i Cannes sist veke.

Foto: FRED DUFOUR / AFP

Ho viser til at kinesiske styresmakter har behandla Tibets åndelege leiar, Dalai Lama, dårleg, og at Dalai Lama er ein ven av henne.

Karma

- Og så skjer dette med jordskjelvet, og eg tenkte, er dette karma? Når du ikkje er snill med andre, så skjer det negative ting med deg, seier filmdivaen på videoen.

Fråsegnene til den 50 år gamle filmstjerna har vekt sterke reaksjonar i Kina. Sjefen og grunnleggjarane av kinokjeda UME Cineplex har gjort det klart at ingen filmar med Sharon Stone blir viste på deira kinoar i Kina og Hongkong, før ho har bede om orsaking.

Avisa Beijing Times skriv i dag at motehuset Dior sine butikkar i Beijing har fjerna alle plakatar og annonsar der Sharon Stone er med. Ho har vore frontfigur for Dior i store salskampanjar i Kina, og PR-selskapet som står bak dette distanserer seg no frå fråsegnene hennar.

Sharon Stone om jordskjelvet i Kina (YouTube)

Krev orsaking

Mange kinesarar brukar You Tube og andre forum på Internett for å fremje kravet om at den amerikanske skodespelaren skal be om orsaking.

- Eg krev at ho ber om orsaking. Ikkje for mi skuld, men for alle dei som miste livet i jordskjelvet, seier ein ung kinesar som kallar seg Adam. Han har lagt ut ein video på You Tube for å fremje kravet.

Pr. 28. mai er det offisielle talet på omkomne etter jordskjelvet i Kina 68.109, medan 19.851 er sakna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt