Sist Israels statsminister Ariel Sharon snakka med ein palestinsk president var i februar 2001. Då ringde han til Yasir Arafat for å gratulere han med sigeren i presidentvalet.
Isfront
Sidan var det ein isfront mellom dei to leiarane. Sharon nekta å ha noko med Arafat å gjere, fordi han etter Sharons meining ikkje gjorde noko for å stanse terrorangrep mot israelske sivile. Med Arafat ute av vegen augnar israelske styresmakter håp om ny framgang i fredsprosessen.
Det hittil siste møtet mellom Mahmoud Abbas og Ariel Sharon var i juli 2003. (Foto: AFP/Scanpix)
Sist Sharon og Abbas møtte kvarandre var i Jerusalem 1. juli 2003.
Sharon og Abbas snakka saman i 10 minutt i dag, noko som gir eit svakt håp om at det kan bli nye forhandlingar mellom partane.
Ein av rådgjevarane til Mahomud Abbas, Maher Shalabi, sa etter telefonsamtalen at dei to leiarane hadde snakka om måtar å få i gang igjen fredsprosessen, og om eit mogleg øte.
Det er uklart om det er snakk om eit møte mann til mann mellom Sharon og Abbas, eller om det blir eit møte med lågare nivå. Truleg blir det eit møte på lågare nivå i første omgang.
Rakettangrep
Samstundes som dei to leiarane snakka saman på telefonen avfyrte militante palestinarar sju rakettar mot israelske busetjingar på Gazastripa og mot ein israelsk by nær grensa mot Gazastripa, utan at nokon vart skadd. Det vart også skote granatar, men det vart berre gjort materiell skade.
Dette viser likevel kor vanskelig det blir for Mahmoud Abbas å få til reelle forhandlingar med Israel. Ariel
Sharon har gjort det heilt klart at han ikkje er interessert i å forhandle om fred før det blir slutt på angrepa mot israelske mål.
Både Hamas og dei andre militante gruppene har avvist å leggje ned våpna, og Abbas har også sagt at han ikkje vil slå ned på desse gruppene. Håpet hans er at han geier å få dei med på ei våpenkvile.
Tryggingsansvar
Ei høgtståande israelsk tryggingskjelde seier til nyheitsbyrået Reuters at Sharon er klar til å overlate tryggingsansvaret for mesteparten av dei okkuperte områda til palestinarane igjen.
Dette igjen vil bety ein slutt på israelske raid inne i dei palestinske områda, og avvikling av mange israelske sperringar og sjekkpunkt. Men, seier kjelda, dette blir ikkje gjort før Abbas har vist evne til å få slutt på angrepa mot israelske mål.