- Når eg ser familiar med tårer i augene, og det er tårer i augene til dei som skal evakuere dei, då er det ikkje mogleg å sjå på utan sjølv å måtte gråte, sa ein kjensleladd Ariel Sharon til journalistar etter eit møte med president Moshe Katsav i føremiddag.
Sharon sa også at han var imponert over måten politiet og soldatane gjer jobben sin under evakueringa.
- Eg må seie at, trass i all sorga og dei sterke kjenslene, at hæren og politiet gjer ein flott jobb, sa han blant anna.
Sharon sa også at dei skjellsorda og skuldingane som blir retta mot politi og soldatar, heller burde rettast mot han.
- Om de vil skade nokon, så skad meg. Ikkje la det gå ut over desse flottene mennene og kvinnene som må gjere jobben sin under slike forferdelege forhold, sa statsministeren.
Ariel Sharon sa også at at dei palestinske styresmaktene gjer ein god innsats for å sikre at tilbaketrekkinga frå Gazastripa skal gå fredeleg føre seg.
7500 palestinske tryggingssoldatar er utplasserte i utkanten av dei israelske busetjingane for å hindre at militante palestinske grupper gjennomfører angrep under evakueringa.