Ein bil med fleire hundre kilo sprengstoff vart stansa av israelske soldatar sist måndag. Bilen vart seinare sprengd av israelske soldatar,og eksplosjonen var enorm. (Foto: AP/Scanpix)
Ein talsmann for Ariel Sharon sa i dag at dersom ikkje dei palestinske styresmaktene straks aksjonerer mot terroristar, vil framtida bli lite lysteleg for Mahmmoud Abbas og fredsprosessen.
Han viste til sjølvmordsaksjonen i ein nattklubbkø i Tel Aviv sist fredag, der fem israelarar vart drepne, og over 50 vart skadde.
Den militante gruppa Islamsk heilag krig, Jihad, har teke på seg skulda for sjølvmordsaksjonen.
Sist måndag vart ein ny terroraksjon avverja, då israelske soldatar stansa ein bil fylt med fleire hundre kilo sprengstoff på veg inn i Israel.
Den israelske hæren seier at det var Islamsk heilag krig som også stod bak dette forsøket.
Utanriksminister Silvan Shalom sa under eit besøk i Budapest i Ungarn i dag dersom dette forsøket hadde lukkast, kunne det ha skapt ein situasjon som hadde øydelagt forholdet mellom Israel og palestinarane for fleire år framover.
Desse fråsegnene frå det israelske toppsjiktet står i sterk kontrast til optimismen som rådde på Midtausten-konferansen som vart avslutta i London i går kveld.
Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa blant anna etter møtet at det første fundamentet for ein palestinsk stat no er lagt. Han uttrykte seg like optimistisk under eit besøk i Brussel i dag.
- Vi snakkar om ein ny æra av fred og håp. Eg håpar på vidare støtte frå EU, sa han.
Israelske styresmakter har uttrykt misnøye med resultatet frå konferansen i London. Kritikken frå Israel går først og fremst på at det ikkje vart stilt krav til palestinarane om at dei må slå ned på dei militante gruppene.
Det var i dag eit møte mellom Israels visestatsminister Shimon Peres og den palestinske innanriksministeren Mohammad Dahlan. Dette var den første offsielle kontakten mellom partane etter terroraksjonen i Tel Aviv sist fredag.